Hopp til innhold

Får ikkje levere straum for full kapasitet

Frå og med neste veke får ikkje kraftselskapa i fylket levere straum for full kapasitet. Årsaka er avgrensa kapasitet på straumnettet i samband med bygginga av kraftlinja mellom Ørskog og Fardal.

Kraftline

REDUSERT KAPASITET: kraftprodusentane må dei neste månadane tilpasse kraftproduksjonen på grunn av arbeidet med kraftlina mellom Fardal og Ørskog.

Foto: Espen Gjelsten / NRK

– Produksjonstilpassinga vil vare nesten ut året, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson.

Frå og med veke 32 til og med veke 49 kjem Statnett til å ha utkoplingar av deler av straumnett i samband med utbygging av den store kraftlina mellom Fardal i Sogndal og Ørskog på Sunnmøre.

– Det gjer at kraftprodusentane tidvis må tilpasse kraftproduksjonen sin slik at nettet ikkje blir overbelasta og bryt saman.

Får konsekvensar

Sogn og Fjordane Energi er blant kraftprodusentane som blir råka. I verste fall får dei ikkje produsere meir enn 50 prosent av det dei har kapasitet til dei neste månadane.

– Det får konsekvensar, seier konserndirektør for produksjon i SFE, Ola Lingaas.

Kraftverk som ikkje har høve til å regulere vassmagasina, det vil seie småkraftprodusentar, får i utgangspunktet levere som normalt. Men dersom det blir store vassmengder er det ein fare for at dei som kan regulere får problem ved ei produksjonsavgrensing

– Det er ein del uavklarte spørsmål her, men det er klart vi fryktar økonomiske tap, seier Lingaas.

Må ha det litt verre for å få det betre

Martha Hagerup Nilson

INGEN KOMPENSASJON: Martha Hagerup Nilson er kommunikasjonssjef i Statnett

Foto: Sindre Sunde Tveit

– Ein periode no må vi ha det litt verre for at kapasiteten i nettet og forsyninga skal bli betre når den nye kraftlina mellom Fardal og Ørskog står klar, seier Hagerup Nilson.

Ho seier dei er merksame på problema som store vassmengder kan skape for kraftverka som i utgangspunkt har såkalla reguleringskapasitet, får avgrensingar på produksjonen.

– Det er vi klare over, og følger situasjonen tett saman med Norges vassdrags- og energidirektorat og kraftprodusentane.

– Har ein kompensasjonsordningar for kraftelskapa som taper pengar på dette?

– Nei, dei har no fått ei oversikt over kor mykje dei kan produsere ut over året. Dei får ikkje kompensasjon for at dei ikkje kan produserer så mykje som dei eventuelt vil kunne gjort.