Hopp til innhold

Får ikkje køyre vidare enno

To vogntog blei i går stoppa i ein kontroll i Førde. Dei får ikkje køyre vidare før føret betrar seg. Bakgrunnen er at dei hadde dårleg veggrep sjølv med kjetting, opplyser Statens vegvesen. Eit tredje vogntog fekk ikkje køyre vidare før det hadde skaffa kjetting.