Sjåføren vart stogga i ein rutinekontroll på Statens vegvesen sin kontrollstasjon i Lærdal sist veke. Kontrolløren skjønte for at ikkje alt var som det skulle.
Etter ein nærare kontroll viste det seg at sjåføren hadde utført ulovleg transport i Norge. Det enda med at han måtte betale 14.000 kroner i bot, medan firmaet fekk ei bot på 25.000 kroner.
Fem turar på ni dagar
Utanlandske transportørar må rette seg etter strenge reglar når dei skal drive transport innanlands i Norge. Dei såkalla kabotasjereglane seier noko om kva som er lov og ikkje.
Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Sjåføren som vart stogga i Lærdal sist veke skal ha køyrt fem turar i Norge sidan han kom til landet ni dagar tidlegare. Dermed hadde han køyrt for mange turar og vore i landet to dagar for lenge.
Statens vegvesen politimelde sjåføren og firmaet, og politiet svarte med å skrive ut bøter til begge.
– Sjåføren fekk ei bot på 14.000 kroner, medan firmaet fekk ei bot på 25.000 kroner, seier konstituert lensmann i Lærdal Per Thomas Klingenberg til NRK.no.
Får ikkje køyre i Norge på ei stund
I tillegg til bøtene miste føraren retten til å køyre i Norge i tre månader. Han fekk likevel lov til å køyre bilen ut av landet.
Norges Lastebileigarforbund (NLF) har tidlegare vore kritiske til Vegvesenet når det kjem til kontroll av utanlandsk transport i Norge. Dei meiner det ikkje er nok fokus på dette. I 2011 gav NLF-advokat Robert Aksnes uttrykk for at han meinte Region Vest skilte seg ut i positiv retning.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Tal NRK har henta inn viser at Vegvesenet i region Vest i 2012 politimelde åtte saker der dei meinte utanlandske transportørar hadde drive med ulovleg transport i Norge. I 2011 var talet på politimeldingar i regionen ni.
Sist veke politimelde Vegvesenet i regionen altså nok ei slik sak, dette er den første dei har avslørt i 2013.
Det blir no også jobba med ein tiltale mot eitt utanlandsk transportselskap som skal ha stått fleire tilfelle av ulovleg transport i Norge. Politiadvokat Line Skjengen sa i haust at etterforskinga av saka hadde vore krevjande. Politiet har gitt uttrykk for at dei meiner det er viktig å sjå nærare på denne problemstillinga.
– Kvar av desse ulovlege transportane går ut over norske selskap. Dei utanlandske selskapa har lågare lønningar, dei betaler heller ikkje vegavgift eller bompengar, har Skjengen sagt til NRK.no tidlegare.
– Dei kan dermed tilby langt billegare transport enn det norske selskap kan. Vi er nøydde til å sjå nærare på dette for å finne ut kor stort omfanget er.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: