Hopp til innhold

Får ikkje innsyn i dokument i overgrepssak - reagerer på lang behandlingstid

Advokat Louis Anda er opprørt over at Fylkesmannen har brukt eit halvt år på svare på eit krav om innsyn samband med den pågåande rektorsaka

Louis Anda

OPPRØRT: Advokat Louis Anda seier det har teke for lang tid å få behandla kravet om innsyn.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

Det skriv Sogn Avis. Anda er forsvarar for rektoren som i tingretten er dømd for å skaffa seg tilgang til overgrepsbileta av born.

Advokaten meiner dei har krav på innsyn i eit dokument og søkte om det. Dette har dei fått avslag på.

– Dette er eit saksdokument vi har krav på. Eg reagerer også på den lange sakshandsamingstida når det gjeld hovudsaka. No må vi i tillegg vente tre månader på at dei skal sjå på klagen, seier Anda til Sogn Avis.

Hanne Sæbø i sosialseksjonen hjå Fylkesmannen seier dei behandlar alle saker så raskt dei kan. Ho seier ho ikkje kan kommentere denne saka spesielt.

Rektoren blei i oktober i fjor dømd til 21 dagar fengsel på vilkår. Dommen blei anka og saka skulle opp i Gulating lagmannsrett i mai, men blei utsett fordi forsvarar Louis Anda henta inn eit nytt sakkunnig vitne. Ny dato for rettssaka er 18. november.