– Dermed kan folk igjen hente pakkar, seier pressesjef i Posten Norge.
Tidlegare i dag førte problema til at folk ikkje kunne hente pakkane sine i post i butikk, sjølv om ein hadde sporingsnummer. Men klokka 15.15 kunne Eckhoff opplyse at problema no var løyste.
Det er berre systemet for utlevering av pakkar som har vore nede, alle andre system fungerte.
Veit ikkje årsaka
Ein underleverandør jobbar på spreng med å rette feilen, seier Eckhoff.
– Akkurat no veit vi ikkje kva feilen skuldast. Vi jobbar med å finne ut kva som har skjedd.
– Jobbar på spreng
Når folk kan hente ut pakkar, er uvisst. Posten Noreg jobbar på spreng med å rette feilen, ifølgje Eckhoff.
– Så raskt som mogeleg. Erfaringsmessig er dette løyst i løpet av ettermiddagen, men vi kan ikkje love noko.