Får ikkje forlenga fellingsløyvet

Fylkesmannen vil ikkje forlenge fellingsløyvet på ulven som herjar i ytre Sogn og Sunnfjord. Årsaka er at sauene no er komne i hus. Fellingsleiar Stein Mortensbakke er ueinig i avgjerda. Han seier at det for tida er 150 hjortejegerar på post i skogen og at det difor er den rimelegaste og beste løysinga å ta ulven no.

Stein Mortensakke er leiar for jaktlaget som skal prøve å få tak i ulven som herjar i fylket.
Foto: Steinar Lote