NRK Meny
Normal

Skuleleiinga informerte ikkje om nye reglar - elevane får ikkje karakterar

Jannike Helen Stensaker Kleppa og Erika Louise Virtanen kjem til å stå utan nye karakterar i fleire fag dei tar om att fordi dei ikkje har fått informasjon om nye reglar. Eit velkjent problem, seier Elevorganisasjonen.

Elevar ved Mo- og Øyrane vidaregåande skule

FÅR IKKJE KARAKTERAR: Jannike Helen Stensaker Kleppa (t.v.) og Erika Louise Virtanen (t.h) er elevar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. No risikerer dei å stå utan karakterar.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det har vore veldig frustrerande. Kven skal vi ringe? Kven skal vi sende epost til? Kvar kan vi sjekke reglane? Ein blir litt galen i hovudet av dette.

Jannike Helen Stensaker Kleppa og Erika Louise Virtanen er elevar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. Dei får neppe karakterar i fem fag dette semesteret.

Skulle betre karakterane

Det er fordi dei bytt grunnkurs på yrkesfag, og tatt såkalla omval. Dei har begge fullført VK1 tidlegare, men dei var ikkje fornøgde med karakterane i allmennfaga – som blant anna norsk, engelsk og matte – og som er obligatoriske for alle studieretningar.

No som dei har bytt frå helse- og sosial til teknisk- og industriell produksjon var dei klare og motiverte for å betra dei gamle karakterane sine. Men dette året kom nye reglar for elevar som går om igjen.

Dei får ikkje eit nytt forsøk på å betre den gamle karakteren. Men det var det ingen som fortalde dei.

Prøver å finne svar

Elevane ønskjer ei løysing, men den har vore vanskelege å finne.

– Vi kastar vekk mykje tid på å sende lange epostar, ein prøvar å ordne møter blant anna. Men ein skal jo fungere i det daglege og ikkje berre drukne i papirarbeid og paragrafar og avhandlingar.

– Vi har prøvd å ringe alle vi har fått beskjed om å ringe, og når vi er komne til den øvste så blir vi vist tilbake til den første. Altså mellom rektor og utdanningsdirektoratet.

Rektor Liv Horvei stadfestar at ho kjenner saka, men vil ikkje uttale seg til NRK. Utdanningsdirektoratet seier at det er skuleeigar sitt ansvar å passe på at elevane får den informasjonen som blir sendt til fylkeskommunen.

Fleire er råka

Jannike og Erika visste ingenting, og dei var ikkje åleine.

– Vi er fire i klassen vår som i alt er på 12 elevar. Så det er nesten ein tredjedel av skuleklassen. Der er minst to i kvar klasse dette gjeld.

Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, vil ikkje uttale seg i den konkrete saka. – Men endringane i opplæringslova gjeld alle i vidaregåande skule.

Eit kjent problem

Ifølgje leiar for elevorganisasjonen, Benjamin Skiaker Myrstad, er ikkje problemet unikt for Mo- og Øyrane vidaregåande skule.

– I året har vi rundt 30 – 40 personar som tar kontakt. Og det er ikkje alle som kjem til oss, for dei kontaktar elev- og læring-omboda og slikt. Men det er eit omfattande problem og eit problem som ikkje burde eksistere i det heile tatt.

– Her må skuleeigar og skuleleiing ta ansvar for sine handlingar. At elevar brukar eit år av livet sitt på feil grunnlag er mildt sagt problematisk, seier Skiaker Myrstad.

Han meiner at regelverket rundt omval burde hatt ei revurdering for å legge dette betre opp.

Håpar på løysing

Stensaker Kleppa og Virtanen veit enno ikkje kva som kjem til å skje. Men dei håpar på ei løysing slikt at dei kan fortsette skulegangen.

– Det betyr alt i verda. Vi har ikkje byrja ei utdanning for moro. Vi veit at vi kjem til å få gode karakterar i faget viss vi får karakter i faget. Men når vi ikkje får karakter blir vi motlause.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå