Hopp til innhold

–Ein forvaltningsmessig skandale

Laksefiskesesongen er starta i fleire elvar, men i elva Nausta i Naustdal får dei ikkje opne før 15. juni. Eit overfiske på 50 prosent førre år gjer at alle vert straffa.

Erdal rasar fordi sesongen startar seint i Nausta
Foto: Glenn Thomas Nilsen / Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg synest normalfisketid i Nausta bør vere tre månader. Frå 1. juni og ut august, seier, leiar i Naustdal Elveeigarlag, Eiliv Erdal.

Det er Direktoratet for naturforvaltning som har sett fisketida den korte fisketida på to månader for lakseelva.

– Dei har ikkje høyrt på våre ønskje om å ha lenger fisketid, seier Erdal.

Kollektiv avstraffing

Bakgrunnen til at fiskesesongen ikkje får starta før i Nausta er todelt. Det eine er at direktoratet har noko som heiter forvaltningsmål som ikkje er nådd.

Den andre grunnen som elveeigarlaget har fått er at det har vore eit overfiske i forhold til kvoten i fjor og manglande rapportering.

– Det er kollektiv avstraffing, seier Erdal.

Han meiner det er feil å straffe alle grunneigarar for at enkelte ikkje gjer jobben sin blir heilt feil.

– Det syns eg ikkje noko særleg om. Det er ei forvaltningsmessig skandale at ein skal behandle vaksne folk som barnehageungar. Ein har jo ikkje lov å drive kollektiv avstraffing i forsvaret ein gong, seier elveeigarlagsleiaren.

Når det gjeld overfiske av kvote seier Erdal at Norsk institutt for naturforsking (NINA) i ettertid sa at dei kunne ha fiska mykje meir fisk.

– Så det overfiske hadde inga betydning. Når enkeltpersonar gjer ting som skada fellesskapet, er det beklageleg, men overfiske har ikkje noko praktisk betydning for bestanden i Nausta. Det er ei overreaksjon å ikkje la oss få ei fisketid som er lik med naboelvene.

Økonomiske tap

– Næringsmessig gir den nedkorta fisketida, i første ledd, eit tap på rundt ein million for Naustdalsamfunnet, fortel Erdal.

Då reknar han ikkje med omsetnad for butikkar og liknande, men inntekter direkte til grunneigarar med fiske og hytteutleige.

I Naustdal får dei tildelt ei samlekvote med talet på fisk dei har lov til å avlive.

– I år er det 200, der 30 går til stamlaks, så held vi tilbake 40 prosent noko som er veldig strengt. I utgangspunktet er det berre 90 laksar vi har lov til å avlive. Så vi har eit veldig strengt forvaltningsregime på elva, seier Erdal.

Han meiner Nausta er den desidert beste elva på Vestlandet og finn det naturleg at dei har ei fisketid som samsvarar med det.

– Legg ein inn fisk per meter elv er vi dei siste ti åra nummer to i landet. Det er berre ei elv i Rogaland som er betre. Det er jo eit paradoks at det ikkje er meir forståing hjå DN. Det verkar ikkje som om at dei tek omsyn til kva tal NINA kjem med og ikkje til kva vi meiner som grunneigarar som trass alt har pulsen på elva.

– Men er det ikkje rett at nokon må bli straffa for regelbrota?

– Eg forventar at direktoratet halde seg til forvaltningsmessige omsyn og ikkje til vaksenopplæring når det gjeld forvaltning. Forvaltninga bør vere viktigare enn å lære opp grunneigarane i Naustdal, seier Erdal.

50 prosent meir enn kvoten

Kjell Magne Johnson i Direktoratet for naturforvaltning seier det er to grunnar til at fisketida kjem seint i Nausta.

– Det eine er at forvaltningsmålet for Nausta ikkje er nådd. Det andre er at kvoten som vart sett i fjor blei overfiska med 50 prosent. Det er ganske alvorleg, seier Johnson.

Han seier det er svært viktig at kvoten vert overheldt og generelt dei fiskereglane som er sett for elva vert heldt.

– Er det feil å straffe alle elveeigarar fordi nokre ikkje har heldt reglane?

Når ansvaret for forvaltninga ligg på lokalt nivå, krev det at laget har god kontroll på fiske og at reglane vert heldt. Kvoten er sett for heile elva, og det er svært viktig at dei saman kan klare å halde den.

Håpar på lengre sesong

Eiliv Erdal understrek at har at han er interesset i eit god samarbeid med DN.

– Eg har jo forventningar at det kjem eit normalt fiske dette året her, og då forventar eg at vi får vesentleg lenger fisketid til neste år, seier han.

Johnson seier elva har hatt ei positiv utvikling og dersom elveeigarlaget viser og dokumenterer at dei klarer å halde kvoten, så vil dei gjere ei ny vurdering av vassdraget før sesongen 2014.

Eg har jo sett mykje fin laks, så eg har store forventingar til fiskesesongen i år. No gler vi oss til å begynne, seier Erdal.