Hopp til innhold

Får ikkje dekka Dagmar-utgifter

Kraftselskapa får ikkje statleg hjelp til å dekke ekstrautgiftene etter Dagmar. Sogn og Fjordane Energi SFE søkte om 58 millionar kroner, men får blankt avslag frå NVE.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn

STORE SKADER: Mange kundar mista straumen i mange timar då uveret Dagmar herja Sogn og Fjordane i jula i fjor.

Foto: Arne Vik

Asgeir Aase

SKUFFA: Asgeir Aase i SFE meiner dei blir straffa for forhold dei ikkje rådde over.

Foto: Johan Moen / NRK

NVE kan bøtelegge kraftselskap dersom dei ikkje klarar å levere straum, men mange søkte om fritak frå bota fordi uveret var så ekstremt.

Konsernsjef i SFE, Asgeir Aase, meiner dei blir straffa for forhold som låg utanfor deira kontroll.

– Vi er skuffa over avslaget, spesielt at det ikkje blei teke omsyn til 40 millionar kroner knytt til at nettet skal vedlikehaldast, seier Aase.

Få selskap fekk støtte

Dei 40 millionane skriv seg frå ordninga som gjer at forbrukarane kan krevje å få erstatning direkte frå nettselskap dersom dei er straumlause i meir enn 12 timar. Og det var mange etter at Dagmar slo til i romjula i fjor.

I alt søkte SFE om 58 millionar kroner, men får altså blant nei frå NVE. Berre fem av 16 selskap som søkte kom gjennom nålauge hjå seksjonsleiar Tore Langset i NVE. Luster Energiverk og Stryn Energi får dekka delar av ekstrautgiftene sine

– Vi har ein praksis der vi har hatt ganske strengt når det gjeld dispensasjonar. Den har vi valt å halde oss til, seier han.

– Passar ikkje inn

Men i SFE meiner Aase at dei blir straffa for forhold som dei ikkje rådde over.

– Argumentet er at dette er ei ordning som er innført for at nettet skal vedlikehaldast. Dette passar ikkje inn i ein situasjon slik som Dagmar, der det var skog som fauk langt som var hovudårsaka til det store utfallet.

– Det er ei ordning som skal gi nettselskapa insentiv til å gjere det rette vala, både i forkant, under og i etterkant i slike hendingar, seier Langset.

Aase meiner at uveret Dagmar ikkje er meint å skal bli fanga opp av eit slikt regelverk.

– Dersom det ikkje blir gitt unnatak for ein slik situasjon, er det vel eigentleg ikkje mogleg å gjere unnatak, seier SFE-sjefen.

.