Hopp til innhold

Kommunane buset altfor få flyktningar - UDI ynskjer å la flyktningane få busetje seg sjølve

Norske kommunar blir bedne om må auke tempoet på busetjing av asylsøkjarar. – Det er ikkje viljen det står på, men økonomi, svarar Gaular-ordførar Mathias Råheim (H).

Jølster Mottakssenter

MÅ FÅ OPP FARTA: UDI meiner norske kommunar bør få opp tempoet på busetjinga av asylsøkjarar. Illustrasjonsfoto

Foto: Torje Bjellaas / NRK

UDI-direktør Frode Forfang meiner norske kommunar ikkje er flinke nok til å busetje asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve.

No opnar han for å la flyktningar i større grad få busetje seg sjølve.

– Så mange som 37 prosent av dei som bur på asylmottak har fått opphaldsløyve og ventar ikkje på noko anna enn å bli busett i ein av kommunane i landet og starte integreringsprosessen der, seier han.

Behovet aukar

Frode Forfang

DIREKTØR: Frode Forfang i Utlendingsdirektoratet.

Norske kommunar busette i fjor 6.551 flyktningar, medan behovet var over 10.000 inkludert familiegjenforeining. I Sogn og Fjordane klarte kommunane berre å finne bustad til 90 av dei 400 flyktningane dei vart oppmoda om å ta i mot.

Det betyr at mange flyktningar blir buande på norske asylmottak, sjølv om dei har fått lovleg opphald i landet.

– Problemet er at det ikkje er samsvar mellom tal asylsøkjarar som får opphaldsløyve, og dei som må busetje seg i ein norsk kommune. Misforholdet har gått i feil retning i lengre tid, og tal som ventar på å bli busette i ein kommune har auka jamt og trutt månad for månad i to-tre års tid, seier Forfang.

316 av 428 seier ja

– Det er behov for å få fart på busettinga slik at ein får folk ut frå mottaka og inn i ein normal integreringsprosess, held UDI-direktøren fram. I år har 316 av landets 428 kommunar sagt ja til å ta i mot 7.400 flyktningar.

Jenny Følling

KS-LEIAR: Jenny Følling meiner fleire kommunar bør gjere som Eid. – Nokon fleire bør gjere vedtak så dei som sit i mottaka blir busette, seier ho.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Eid er mellom kommunane som har vedteke årleg busetjing. Fram til 2016 skal dei finne bustad til minst 30 flyktningar. KS-leiar Jenny Følling meiner dette er eit eksempel til etterfølging.

– Dersom fleire kommunar hadde gjort som Eid, så er det ikkje sikkert at alle kommunar skal gjere vedtak om busetting. Nokre kommunar må busetje fleire flyktningar, og dersom du buset nokre fleire så klarer du også å byggje opp eit tenesteapparat som kan gje ein viss kvalitet på integreringa, seier ho.

Har ikkje økonomi

Mathias Råheim

ORDFØRAR: Mathias Råheim (H) er ordførar i Gaular.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I Askvoll har dei derimot gjort eit motsett vedtak. Dårleg kommuneøkonomi er ei av årsakene til at dei ikkje vil ta imot flyktningar. I januar spurde NRK alle kommunane i Sogn og Fjordane om stoda, og av dei som svarte vil 17 ikkje ta imot.

I Gaular seier ordførar Mathias Råheim (H) at dei busette ein asylant for mange år sidan. Han seier det ikkje står på viljen, men moglegheita kommunen har til å busetje folk.

– Eg kan ikkje tenkje meg at det er nokon kommune i fylket som er negative til å busetje flyktningar, men det er på grunn av at både husvære, kapital og naudsynte tilbod er mangelvare. Det krevst det pengar til, seier han.

Få busetje seg sjølve

Kommunane er fleire gonger oppmoda om å starte byggjeprosessar for å kunne ta imot flyktningar som har fått opphald og som skal starte livet sitt i Norge. Men mangelen på bustader er så stor at det på mottaka sit om lag 6000 personar med vedtak om opphald utan ein kommune å bu i Norge.

Dei andre på mottaka har anten fått avslag på søknaden sin og skal ut av landet, eller ventar på å få saka handsama av UDI eller UNE.

– Det hadde vore endå betre om staten kunne følt opp med pengar. Dei fleste kommunar, anten dei er små eller store, har ikkje særskilt med pengar til å gjere naudsynte tiltak, seier Råheim.

Hos UDI seier Forfang at dei har føreslått å la flyktningar i større grad få busetje seg sjølve.

– Frå UDI si side har vi føreslått å gje flyktningar økonomisk støtte til å busetje seg der dei måtte ynskje. Det kunne fått fart i busetjinga for ein del flyktningar, avsluttar Forfang.