NRK Meny

Får ikkje bruke heimebana

Førde får ikkje lenger spele fotballkampane sine på bana på Førde stadion, skriv Firda. Representantar frå Førde kommune, Førde IL fotball og Norges Fotballforbund har i dag sett på banetilhøva. Fotballforbundet meiner bana ikkje er god nok, og forbundet har gjeve løyve til å bruke Hafstadparken som heimebane ut sesongen, eller til overflata på bana på Førde stadion er stabilisert.