NRK Meny
Normal

Får halde valdstiltalt fengsla i sin 17. månad

Ein sunnfjording i 20-åra går inn i sin 17. månad som varetektsfange. Nyleg avviste Fjordane tingrett kravet om lauslating.

Politihuset i Florø

MEDHALD: Ein sunnfjording i 20-åra sit varetektsfengsla i sin 17. månad. Fjordane tingrett avviste kravet om lauslating.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mannen vart i mars i år dømd til fengsel i tre år og ni månader i ei alvorleg vald- og trugselsak. Lagmannsretten fann aktor inhabil og oppheva dommen.

I slutten av oktober skal Høgsterett ta stilling til lagmannsretten si rettsavgjerd. Denne veka avgjorde Fjordane tingrett at sunnfjordingen framleis skal sitje i varetekt grunna fare for gjentaking.

Robert Fonn

USAMD: Forsvarar Robert Fonn er usamd i vurderingane til påtalemakta og Fjordane tingrett.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Vi er heilt usamde med retten i at vilkåra for fengsling er oppfylt, men vi ventar med ein eventuell anke til fengslingsspørsmålet blir vurdert på nytt 5. oktober, seier mannen sin forsvarar, Robert Fonn, til NRK.

Frykt for gjentaking

Mannen har site varetektsfengsla sidan han vart pågripen og fengsla i mai 2014 for fleire tilfelle av vald og trugslar over fleire år. Før saka kom opp retta han trugslar mot politiadvokaten då ei ny sikting vart presentert for han. Det var på denne bakgrunn at lagmannsretten fann politiadvokaten inhabil.

Mannen vart tre gonger frå 2007 til 2010 dømd for vald og trugslar. Samla sett meiner både påtalemakta og retten at det er frykt for gjentaking.

– Slik retten ser det, tilseier valdshistorikken at han har ein låg terskel for å utøve vald og framsette trugslar, skriv dommarfullmektig Hanne Katrine Mundal i orskurden.

Komen inn på skule

Forsvarar Fonn meiner dei siste forholda ligg så langt tilbake i tid at det ikkje er grunnlag for å halde mannen fengsla på grunn av fare for gjentaking. Han bad retten ikkje leggje vekt på trugslane mot politiadvokaten, då desse vart uttala i affekt.

Samstundes framheva Fonn at det er grunn i seg sjølv å halde seg vekke frå kriminalitet at straffesaka skal opp att på nytt, truleg ikkje før sommaren 2016.

Mannen har site fengsla i over 16 månader og har i denne tida fullført utdanningstilboda i fengselet. Han har også søkt seg på skule ein annan stad i landet, men får ikkje nytta seg av denne om han ikkje blir sleppt fri.

– Må vurdere søknad

I vår søkte sunnfjordingen overflytting til ei anna avdeling ved fengselet. Denne søknaden har han ikkje fått svar på frå påtalemakta.

– Retten vil (...) oppmode påtalemakta om å ta stilling til (tiltalte) sin søknad om overføring til anna avdeling i (fengselet), dette særskilt på bakgrunn av det lange varetektsopphaldet, skriv Mundal.

Påtalemakta er samd i at ein nærmar seg ei grense for kor lenge mannen kan sitje fengsla, men meiner at ein ikkje er ved denne grensa no. Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med aktor i saka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.