Hopp til innhold

Riv seg i håret av den enorme kraftutbygginga

Naturvernarane får hakeslepp av planane om å byggje 1000 vasskraftverk i landet dei neste fem åra. Ei støtteording til kraftubygging skal hjelpe EU til å bli meir klimavenlege, men vi skader miljøet i prosessen, meiner naturvernarane.

Arnodd Håpnes om vasskraftutbygging

FRYKTAR KONSEKVENSANE: Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet ser ikkje lyst på den enorme vasskraftverkutbygginga Norge står ovanfor.

Foto: Torbjørn Selseng/Naturvernforbundet / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I løpet av berre fem år skal Norge auke energiproduksjonen med ti prosent for å kunne forsyne EU med fornybar energi.

I dag har vi om lag 1500 vasskraftverk i Norge, og innan kort tid kan det komme 1000 nye. Det er noko naturvernarar reagerer sterkt på. Dei fryktar no at det vil føre til store miljøskadar.

– Feil bruk av ordninga

Ein av dei som fryktar den omfattande kraftverktutbygginga er Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet.

– Vi er svært skremte over det talet. For no går det føre seg ein massiv nedbygging av dei siste vassdraga våre, under dekke av at el-sertifikatordninga skal bli oppfylt, seier han.

Grunnen til den auka kraftproduksjonen er at Norge skal hjelpe EU å bli meir uavhengig av fossile energikjelder. Som verkemiddel har Norge og Sverige inngått eit samarbeid om elsertifikat.

Elsertifikat er ei støtteordning som sikrar produsentar av fornybar energi, pengar i kassen om dei byggjer nye kraftverk. For å få ta del i ordninga må kraftverket byggjast innan 2020. Det har stimulert til ein eksplosjon i søknader om vasskraftverk.

– El-sertifikatordninga skal vere ein mekanisme for å bidra i klimakampen for å berge natur. Då kan vi ikkje byggje ned og øydeleggje den naturen vi faktisk skal bevare og sikre med den ordninga, seier Håpnes.

Fryktar for naturmangfaldet

Marino Ask

UROA: Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane turlag og naturvernleiar for Den norske turistforeining.

Foto: Privat

Han får også støtte av Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane turlag og naturvernleiar for DNT.

– Eg er ganske klar på at dersom eit så stort tal skal byggjast i Sogn og Fjordane så er det eit stort tap for natur og naturmangfald, og for allmenn interesse, seier Ask.

700 søknader om å få byggje vasskraftverk ventar på behandling. 329 konsesjonar er allereie gitt til kraftverk som ikkje er bygd noko på endå.

– Kan vere miljøskadeleg

Rune Flatby, leiar i konsesjonsavdelinga i NVE, vedgår at småkraftverk kan vere miljøskadeleg.

– Småkraftverk kan vere miljøskadeleg. Men i vår konsesjonsbehandling går vi gjennom prosjekta og prøvar å finne fram til dei vi meiner har akseptable verknader, fortel han.

Denne utlukinga har så langt ført til at avslagsprosenten går oppover.

– Mange av dei gode småkraftprosjekta er bygd, og dei som er igjen no er har større miljøverknader og mindre produksjon. Det gjer at vi avslår mange fleire søknader enn vi gjorde for eit år tilbake, seier Flatby.

Eiriksdal kraftverk

MEIR AV DETTE: Dei neste fem åra kan det kome heile 1000 fleire småkraftverk i landet, og 200 av dei kan komme i Sogn og Fjordane.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK