NRK Meny

Får gjere sikringstiltak i Nausta

Naustdal kommune har fått løyve av Fylkesmannen til å utføre sikringstiltak i elva Nausta. Dei har søkt om få gjere førebyggjande tiltak på ei 50 meter lang strekning nedanfor Naustdalsfossen. I tillegg vil kommunen flytte elvekanten for å føre elveløpet tilbake til der det var før flaumen i oktober.