Hopp til innhold

Får gå på skule i Sauda

Elias Lødemel (16) frå Hornindal får likevel satse på volleyball og bli elev på ToppVolleyNorge i Sauda. Det avgjorde fleirtalet i fylkesutvalet i ettermiddag, skriv Firda. 16-åringen fekk først nei frå fylkeskommunen som ikkje gi han gjesteelevsgaranti der heimfylket betaler for skuleplassen. Lødemel anka avgjerda, og fekk medhald. To andre ankar om plass på skytelinje i Trøndelag og hestelinje i Vestfold, vart forkasta, skriv avisa.