Hopp til innhold

Får gå i land på Vingen

Helge Hjelle og Alice Blålid har fått grønt lys frå fylkeskommunen til å arrangere turar til helleristingsfeltet på Vingen i Bremanger.

Helleristning på vingenfeltet
Foto: NRK

Turane skal gå i samband med Tall Ships Race i 2008.

Det er i dag strenge restriksjonar for å gå i land på Vingenfeltet.

Må ha godkjend guide

Fylkeskommunen understrekar at løyvet er gitt under føresetnad av at turane vert gjennomført med godkjend guide, og at dei besøkjande vert delt i grupper på 20 under sjølve vitjinga på feltet.