Hopp til innhold

Vi veit det er sommarferie, men på Hafslo har dei byrja å tenke på neste sesong med ny heis

Medan dei fleste av oss drøymer om late dagar i sola, så har entusiastane på Sogn skisenter på Hafslo fått beskjeden som får sola til å skine heilt til snøen kjem til hausten.

Heggmyrane, Hafslo

PÅ TOPPEN: Modvoheisen vil utløyse eit nytt, stort område for frikøyring på Sogn skisenter på Hafslo.

Foto: arkivbilete / NRK

Politikarane i Luster har nemleg gått inn med nær fire millionar til ny heis og prosjektleiar i heil stilling for skisenteret.

Den nye heisen vil opne opp eit stort område kring fjellet Modvo, av mange rekna som perfekt for frikøyring.

Utsikt til tre fjordarmar

– Dette er noko som vil gi anlegget ein ny dimensjon. Denne gjev eit stort område med både preppa bakke og laussnø. Utsynet på toppen gjev utsikt til tre fjordararmar samt heile Jotunheimen og Molden som næraste nabo, seier styreleiar Øystein Veum.

Han er svært glad for den støtta skisenteret no har fått frå kommunen for å kunne gjennomføre ei skikkeleg storsatsing, som etter planen alt skal realiserast komande skisesong.

Ein kilometer lang heis

– Vi som driv Sogn Skisenter i dag med tusenvis av dugnadstimar ser fram til å få ei prosjektstilling på plass, sler Veum fast.

Den nye heisen som skal byggjast er ein skålheis på nesten ein kilometer lengde, og rundt 140 høgdemeter. Den tek skikøyrarar opp i over 1000 moh.

Sogn Skisenter får pengar til nytt trekk

HER KJEM HEISEN: Styreleiar Øystein Veum filma i vinter området der Modvoheisen skal ta frikøyrarar og andre høgt opp i fjellet.