Hopp til innhold

Får full støtte frå Sp i heimfylket

Den hardt prøva Sp-leiaren får full støtte frå partifellar i heimfylket. – Vi ser ikkje noko behov for eit ekstraordinært landsmøte, og har full tillit til Liv Signe Navarsete som leiar.

Navarsete

FULL STØTTE: Liv Signe Navarsete får full støtte frå sine eigne i heimfylket Sogn og Fjordane.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Det er den klare beskjeden frå fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter i Sogn og Fjordane Senterparti. I Sp-leiaren sitt heimfylke har dei merka seg bråket rundt Navarsete, men det har ikkje gått på tilliten laust.

– Det har vore mykje uro i partiet vårt no, og eg håpar det skal kunne roe seg litt. Vi meiner partiet i fellesskap må bidra til å avslutte den uroa, seier Hjelmeseter til NRK.no.

– Kva må til for å skape ro i partiet?

– Frå Sogn og Fjordane sin del meiner vi det er viktig at ei samla leiing går ut og ber om ro i rekkene. Vi må prøve ta tak i dei utfordringane som evalueringsrapporten kom med, og bruke det som konstruktive og nyttige innspel, seier ho og vil at partiet skal få ro nok til å byggje opp att organisasjonen på ein god måte.

(Artikkelen held fram under)

- Ber Navarsete trekke seg

Krisemøte i Senterpartiet over helga

Fleire fylkesleiarar og andre sentrale Sp-folk frå heile landet har etter det NRK organisert seg i eit forsøk på å skaffe fleirtal for å ha eit ekstraordinært landsmøte i Senterpartiet så raskt som mogleg.

Formålet er å få skifta ut Liv Signe Navarsete som partileiar etter fleire år med kontroversielle episodar, internt bråk og open strid med mellom anna nestleiar Ola Borten Moe.

Tidleg neste veke blir det eit hemmeleg krisemøte over telefon med partileiinga og fylkesleiarane i partiet. Det er berre ei sak som skal diskuterast, nemleg Navarsete si framtid som leiar.

Den siste veka har det igjen storma rundt Sp-leiaren. Denne gongen fordi ho blanda seg inn i E16-traséen gjennom heimkommunen. Navarsete kontakta miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, som valde å følgje kommunestyret i Lærdal og leggje vegen i tunnel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karen Marie Hjelmeseter

TILLIT: Karen Marie Hjelmeseter seier fylkeslaget har full tillit til Liv Signe Navarsete.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Har full tillit til Navarsete

I Sogn og Fjordane får Liv Signe Navarsete uansett full støtte frå partifellene i fylkeslaget. Karen Marie Hjelmeseter seier det er roleg i rekkene i Sogn og Fjordane, og at fylkeslaget meiner Navarsete kan halde fram som leiar.

– Vi ser ikkje behovet for noko ekstraordinært landsmøte. Vi har støtta opp om leiinga og sentralstyret, og det viktigaste no er å skape ro i partiet, seier Hjelmeseter til NRK.no.

– Kan det bli ro med Navarsete som leiar?

– Vi har full tillit til Liv Signe Navarsete og dei andre, seier Hjelmeseter.

Ho trur ikkje det blir noko enklare å få ro i partiet med ein annan person ved roret.

– Om ein skal skifte ut folk no, så vil det bli vanskeleg også for ein ny leiar. Den personen vil iallfall få ei utruleg vanskeleg oppgåve framover, seier fylkesleiaren i Sogn og Fjordane.

– Vi piner oss sjølve

I Gloppen i Sogn og Fjordane gjorde Senterpartiet eit svært godt val i haust. Heile 44 prosent av stemmene gjekk til Liv Signe Navarsete og Sp. Sp-ordførar Anders Ryssdal er klar i sin tale.

– Det er ikkje behov for noko ekstraordinært landsmøte. Vi har ein valt leiar som iallfall skal vere i funksjon fram til 2015 då det er nytt val, seier den erfarne Sp-politikaren til NRK.no.

Han meiner heile partiet no må ta seg sjølv i nakken og jobbe for partiet sitt beste.

– Dess meir ein ropar på eit skifte og jo meir uro ein lagar internt i partiet, dess meir skadar ein partiet, fryktar ordføraren.

– Eg meiner heilt bestemt, at no må Senterpartiet, det gjeld ordførarar og alle andre, slutte og drive sjølvplaging og begynne tenkje på det partiet faktisk skal drive med. Nemleg sakleg og god politikk på saker som er viktige for Distrikts-Noreg, seier Ryssdal til NRK.no.

Han meiner Navarsete i det store og heile har gjort ein god jobb for både heimfylket Sogn og Fjordane og for heile Distrikts-Noreg.

– Eg registrerer at det er ein del uroe. Ein kan vere usamde i saker, men det er til skade for Senterpartiet når det er denne uroa det blir fokus på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Ryssdal

SJØLVPINING: Anders Ryssdal meiner heile Senterpartiet må ta ansvar for å få slutt på det han skildrar som sjølvpining.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ser ingen grunn til at Navarsete skal gå

Seinast denne veka har Sp-ordførarar landet rundt teke til orde for at Navarsete må gå av. Men ho har også fått støtte.

Hjelmeseter er trygg på at Sp-leiaren har nok støtte til å halde fram, også frå andre hald enn heimfylket.

– Leiinga må diskutere korleis dei skal løyse dette. Liv Signe Navarsete har full støtte frå oss.

Liv Signe Navarsete har førebels ikkje ville svare NRK på spørsmål i saka i dag.

Under ser du uttalen som Senterpartiet i Sogn og Fjordane har sendt til sentralstyret i partiet.

Vedkomande dagens situasjon i Senterpartiet

Det har den siste tida vore mykje uro i Senterpartiet. Dette må vi alle bidra til å få avslutta snarast råd. Særleg må ei samla partileiing ta ansvar for situasjonen og bidra til å skape ro i partiet.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane legg til grunn at det no vert teke tak i dei utfordringar som ligg i evalueringsutvalet sin rapport, og at ein nyttar desse som konstruktive innspel til å bygge ein best mogleg organisasjon. Ein godt fundamentert og samkøyrt organisasjon er avgjerande for at vi skal drive politikkutvikling, få fokus og gjennomslag for våre politiske løysingar.

Arbeidsutval og sentralstyre vart nær samrøystes valde på Senterpartiets Landsmøte i april 2013. Senterpartiet i Sogn og Fjordane ser ingen grunn til at det no skal kallast inn til ekstraordinært landsmøte for å gjere eventuelle endringar i partileiinga.