NRK Meny
Normal

Får forsoningspris for fotoutstilling

Tom Hatlestad frå Høyanger er tildelt Blanche Majors forsoningspris.

Tom Hatlestad er framme i Dhaka i Bangladesh.

Tom Hatlestad er framme i Dhaka i Bangladesh

Foto: privat

Den fotodokumentariske utstillinga Tracing Freedom - på sporet av fridom -imponerte juryen.

Snakka med menneske frå 30 land

Tom Hatlestad og Land Roveren klar til langtur

Tom Hatlestad og Land Roveren klare til langtur før prosjektet 'Tracing Freedom'

Foto: MMS-foto: Hege Holm / NRK

"Ved å presentera ”fridom” som ein allmennmenneskeleg fellesnevmnar legg Hatlestad til rette for forsoning og forståing mellom menneske med ulikt tilhøyre. På reisa snakka han med mennesker fra 30 land og alle samfunnslag", skriv Aktive fredsreiser om pristildelinga .

I slutten av 2008 drog fotograf Tom Hatlestad ut på ei fire månaders lang og spennende reise med Land Roveren sin frå Norge til Bangladesh.

Målet var å undersøka korleis menneske han møtte undervegs skildra og opplevde ordet ”fridom".

"Me kan gjera noko med framtida"

Reiseruta til Tom Hatlestad.

Reiseruta til Tom Hatlestad.

Foto: Kart: Google map

Til no har 150 menneske skrive ned tankane sine og vorte fotografert. Resultatet er utstillinga Tracing Freedom.

For det får altså Hatlestad Blanche Majors forsoningspris. Major var 19 år då mor, far og dei 31 andre slektningane hennar vart sende til Auschwitz og drepne i gasskammeret. Berre Blanche og ei av systrene overlevde.

"Me kan ikkje gjera noko med fortida, men eg er sikker på at me kan gjera noko med framtida", seier Blanche Major i dag. Blanche Majors Forsoningspris vert tildelt personar eller organisasjoner som på ulike plan engasjerer seg i forsoning og forsoningsprosessar.

Les meir om Hatlestad sitt prosjekt her .

Vegopning på Bergum i Førde kommune