Hopp til innhold

Far forklarte seg om Lommemannen

Den eine av to foreldre som meiner dei har sett Lommemannen, forklarte seg i dag.

Advokat Jorid Kile Berg og aktor Per Egil Volledal før rettsaken

Advokat Jorid Kile Berg og aktor Per Egil Volledal under rettsaka.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

I går fekk Follo tingrett høyre forklaringa til to brør som vart utsette for overgrep i eit badeanlegg i Sogn og Fjordane sommaren 2006. I dag forklarte far deira seg for retten. Ei viktig forklaring, meiner aktor Per Egil Volledal.

- Stort sett er det berre gutane som har sett gjerningsmannen. Her er det ein som meiner han har sett han på nært hald, seier han.

Såg gjerningsmannen

- Ved eit anna tilfelle er det ein som har sett gjerningsmannen på avstand medan han spring frå staden. Han har ikkje kunne gjeve noko god skildring av mannen, seier Volledal om den andre foreldren som meiner å ha sett Lommemannen.

Faren og dei to sønene var på ferie då dei tok turen innom eit badeanlegg i Sogn og Fjordane. Der skal gutane ha blitt utsette for eitt av dei to overgrepa som no blir behandla i Follo tingrett i Ski i Akershus. I dag fortalde faren at han såg gjerningsmannen like før overgrepa fann stad.

- Kjende att

- Det er tilfelle der denne faren har sett bilete i ettertid, og han har sett tiltalte i retten og seier han kan kjenne att tiltalte. Både ut frå rørsle og utsjånad, fortel Volledal.

I alt står Erik Andersen - den såkalla lommemannen - tiltalt for 66 overgrep mot gutar mellom seks og 12 år . Tre av overgrepa skal ha skjedd i Sogn og Fjordane. Andersen har tidlegare innrømt grove overgrep , men nektar for å stå bak overgrepet mot dei to gutane sommaren 2006.

Første del over

Når denne veka er over, er første del av lommemannsaka ferdig. Då skal ein over til sakkunnig, der mellom andre legemiddelindustrien skal forklare seg. Då skal også familien til Erik Andersen komme med sine forklaringar.

Går alt etter planen blir det prosedyre like over påske.