NRK Meny
Normal

Får fly turistar med helikopter

Asbjørn Nes på Veitastrondi har fått konsesjon på helikopterflyging mellom Fjærland og Veitastrondi.

Bøyabreen i Fjærland
Foto: Merete Høidal / NRK

Flyging med turistar skal skje i samarbeid med helikopterselskapet Airlift, og Asbjørn Nes reknar med at dei vil starte opp forsiktig alt i sommar.  

- I første omgang blir det charter- og bussturistar som blir den øyremerka marknaden. Vi har tenkt å starte litt forsiktig, seier Nes.

Satsar stort

Nes og Airlift får konsesjon til å lande ved Bøyabreen i Fjærland, på Veitastrondi og i Gaupne, og får fly inntil 2000 turar i året i 10 år. Frå ein forsiktig start reknar Nes med å satse stort vidare framover.

- Det er alt ein marknad der, og det er grunn til å tru at den vil vekse. Folk får stadig betre råd og har lyst til å oppleve mykje på kort tid. Då er helikopterturar i denne naturen heilt optimalt, seier han.

Rundturar og ekstremsport

Og det er velkjent at både Skjolden og Sogndal ønskjer cruisebåt-trafikk, og der ser Nes store moglegheiter.

- Viss det blir cruisebåtsatsing i Sogndal, så står vi klare til å tilby dei rundturar med helikopter, seier han.

Han tenkjer seg også helikopter nytta i ekstremsport.

- Det er noko vi har tenkt på og som vi har planar om å utvikle, seier han.

Nes kjempa lenge for å få helikopterflyging til fjelltoppen Kaldakari, men fekk nei. No set han i verk plan B.

- Kaldakari hadde noko vore finare, ja, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå