Hopp til innhold

Får fleire nye politifolk

Sogn og Fjordane politidistrikt blir tilført mellom seks og åtte nye årsverk neste år.

Væpna politiaksjon.

MEIR POLITI: Lovas lange arm får midlar til fleire politifolk til neste år dersom framlegget til statsbudsjett blir vedteke.

Foto: Simon Solheim / NRK

I framlegge til statsbudsjett går det ikkje direkte fram kor mange nye stillingar som vil gå til Sogn og Fjordane. Men dersom ein skal leggje fordelingsnøkkelen frå tidlegare år til grunn, vil politidistriktet bli tilført mellom seks og åtte nye stillingar.

Dermed vil ein samla kome opp i mellom 195 og 197 årsverk i politidistriktet.

Ronny Iden

NØGD: Politiinspektør Ronny Iden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det ser ut som ein vidarefører prosessen med å tilsette nyutdanna politifolk frå politihøgskulen. Det vart gjort i 2012 og det skjer igjen. Dette er det mest positive med budsjettframlegget, seier politiinspektør Ronny Iden.

Regjeringa føreslår å opprette 350 nye årsverk i politiet. Av dette vil Sogn og Fjordane truleg få mellom seks og åtte nye stillingar.

Får nytte redningshelikopter

Det skal kjøpast inn 16 nye redningshelikopter, og i budsjettframlegget blir det lagt opp til at også politiet skal kunne bruke desse.

– Det er positivt at politiet i større grad kan gjere seg nytte av helikoptra. I kor stor grad vi kan bruke dei er så langt uklart. Men det er bra at det blir opna for at vi kan bruke helikoptra, seier Iden.