Hopp til innhold

Norge får snart eitt felles legevaktnummer

Tidleg i 2015 satsar Helsedirektoratet på å innføra eitt felles legevaktnummer i Norge: 116 117.

Terje Olav Øen og nytt legevaktnummer

116-117: Terje Olav Øen er mannen som har leia prosjektgruppa fram mot eitt felles legevaktnummer i Norge. No er han snart i mål.

Foto: Montasje/Kjell Arvid Stølen / NRK

– Nummeret er gratis å ringe og det vil vera gjeldande for heile landet slik at uansett kor du er, så skal du koma fram til ein legevaktsentral, seier Terje Olav Øen i Helsedirektoratet.

«Hundre og seksten – hundre og sytten»

Terje Olav Øen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nummeret Terje Olav Øen vil ha folk til å lære seg er 116 117, med uttale «hundre og seksten – hundre og sytten». Nummeret er felles med resten av Europa. Øen bur i Førde, men har i snart fire år vore prosjektleiar for Nasjonalt legevaktnummer i Helsedirektoratet.

Prøveordning har fungert bra

I Østfold har det vore eit prøveprosjekt sidan 2012, og det har gitt positive signal tilbake til prosjektgruppa.

– Me marknadsførte det minimalt sidan det var eit prøveprosjekt, men me har sett at bruken har auka til at over halvparten av dei som ringer legevakta brukar nummeret. Me trur at når me får det nasjonalt vil det bli endå fleire som brukar det, seier Øen.

Utfordring med mobilnettet.

Det har vore ein del skjer i sjøen, mellom anna finst det bedrifter som har telefonsentralar som det ikkje kan ringast sekssifra nummer frå. I tillegg ligg basestasjonane for mobiltelefon ikkje alltid slik at dei fylgjer kommunegrensene.

– Me har stor von om at ein skal koma fram til rett legevaktsentral, men Norge er eit vanskeleg land når det gjeld mobildekning og kor basestasjonane er plassert og slike ting, så det skal også vera eit samarbeid mellom legevaktsentralane som set deg over dersom du kjem feil, seier Øen.

Enno er det ting som ikkje er hundre prosent avklara, men Terje Olav Øen har godt håp om at alle kan ta i bruk 116 117 om vel eit halvt år.

– Det er grunn til å tru at me kjem i gang tidleg i 2015.