Hopp til innhold

Får felle jerv i Jostedalen

Drepne lam har opna opp for fellingsløyve.

Jerv
Foto: Jon Erling Skåtan /SNO

9.august vart det funne drepne lam i Jostedalen.

Fylkesmannen har no på bakgrunn av desse funna gjeve skadefellingsløyve på ein jerv i Vassdalen i Jostedalen.

Funna er dei første dokumenterte jervskadane i år.

Løyvet gjeld for deler av Luster kommune i tida 10.08. - 22.08.

Løyvet er tildelt Jostedal sankelag, som har engasjert det nyoppretta fylkesfellingslaget til å stå for fellingsforsøket.