NRK Meny
Normal

Får felle fleire steinkobbar i Lærdalselva

Steinkobbe er blitt eit stort problem i Lærdalselva. Fiskeridirektoratet har no gitt løyve til at det kan fellest ytterlegare to steinkobbar i elva.

Steinkobbe

PROBLEM: Steinkobbe gjer stor skade i på Laksebestanden i Lærdalselva.

Foto: Dieter Hommen

– Eg har inntrykk av at problemet har blitt større i år, seier Lasse Sælthun, som er leiar for Lærdal eleveigarlag.

Tidlegare har det vore gitt to fellingsløyve på steinkobbar i Lærdaselva. Sålangt er det levert fangskjema for ein vaksen steinskobbe, men i år har Fiskeridirektoratet gitt gitt løyve til at det fellast i alt fire steinkobbar. Det utvida løyve gjeld fram til 1. november.

Går langt oppover elva

Lasse Sælthun

FÅR FELLE KOBBE: Lasse Sælthun er leiar for Lærdal eleveigarlag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Steinkobbe er registret fleire kilometer opp i elva, heilt opp til sjukehusbrua.

– Vi opplever til stadigheit at det blir tatt laks som har bitskadar og sår etter nærkontakt med kobben.

– No er jo kobben eit naturleg innslag, og skal ikkje den og kunne få ta seg ein laks?

– No får nok steinkobben sin skjerv i fjorden. I elva forårsakar den så mykje uro og skade at det er uheldig både for fisken og dei som skal fiske.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.