Hopp til innhold

Får erstatning etter vaksine

To personar i Sogn og Fjordane har fått medhald i sakene sine som gjeld vaksinen Pandemrix mot svineinfluensa. Det opplyser Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Til saman har dei fått utbetalt 2,5 millionar kroner i erstatning, skriv Ytre Sogn. Ifølgje NPE gjeld begge sakene barn og unge som har fått narkolepsi etter vaksineringa.