Hopp til innhold

No er tunfisken endeleg tilbake langs kysten

Den ettertrakta tunfisken er tilbake etter å ha vore lenge vekke frå norske farvatn. No kjempar fiskebåtreiarane seg imellom, berre eitt fartøy får lov til å fiske etter storfisken som kan gå for millionar på fiskebørsen i Tokyo.

Makrellstorja er på veg tilbake til Norske farvattem og no kjempar fiskerane om det første størjefiske-løyvet.

TILBAKE: Tunfisken, eller makrellstørja, er no tilbake i norske farevatn. Fiskeridirektoratet har no lyst ut eitt løyve for prøvefiske.

– Det hadde vore veldig spennande å få vere med på dette ein gong til, seier fiskebåtreiar Tore Hillersøy frå Bulandet.

I ei sjøbod langt, langt vest på Vestlandskysten er han i ferd med å rote fram utstyret som lenge har lagt ubrukt.

Det er over 30 år sidan sist han var med på fiske etter den verdifulle makrellstørja, mykje omtalt som tunfisken. No har den erfarne fiskaren meldt seg på i kampen om å få gjere det igjen.

– Det er mange som har søkt, fleire enn eg trur dei rekna med, seier han og viser til at 28 fiskebåtreiarar har meldt si interesse.

Opnar for prøvefiske

For tunfisken har igjen funne fram til norske farvatn. Overfiske førte i si tid til at størja, eller tunfisken, forsvann frå norskekysten. Samtidig erobra den japanske sushien verdsmarknaden.

Men no kan altså norske fiskarar snart heise tunfisken om bord igjen. Makrellstørja er tilbake og Fiskeridirektoratet har lyst ut løyve til forsøksfiske.

Berre eitt fartøy får prøve seg i første omgang.

– Det er gjort fleire grep internasjonalt for å ta vare på bestanden av tunfisk, seier havforskar Leif Nøttestad ved Havforskingsinstituttet.

(Artikkelen held fram under)

Tore Hillersøy

SPENNING: Tore Hillersøy er ein av 28 fiskebåtreiarar som har søkt om løyvet til prøvefiske på tunfisk langs norskekysten.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Mest på Vestlandskysten

Han er ekspert på makrell og makrellstørje, og er begeistra over at storfisken som var truga er tilbake igjen langs Norskekysten.

– Ein hatt makrellstørje frå svenskegrensa i Østfold og heilt opp til Finnmark. Men det er funne mest frå Rogaland og opp til Sogn og Fjordane.

– Historisk sett er det utanfor Sogn og Fjordane og Hordaland at ein har fiska mest etter makrellstørja i tidlegare år, seier han.

Minnast eit eventyrleg fiske

Året var 1982 då fiskebåtreiar Tore Hillersøy på Bulandet sist jaga storfisken. Det var eventyrlege år minnast han.

– Då eg begynte på størjefisket fekk vi 2,30 kroner for kilo. Seinare enda vi vel på 12 kroner kilo, seier han.

Som eitt av 28 fartøy kjempar han no altså om å få det første løyvet.

(Artikkelen held fram under)

Makrellstørje

RASK: Makrellstørja er den største av tunfiskartane, og kan trass storleiken ha ein maksfart på opp mot 100 kilometer i timen.

Foto: Creative Commons

10 millionar kroner for ein fisk

Blir fisket etter makrellstørja ein suksess kan ein snakke om store summar. Rekorden for ein enkelt tunfisk i Tokyo er 10 millionar kroner.

– Det er fantastisk god mat i makrellstørja. Den har mørk raud muskulatur og kjøtt som gjer den veldig attraktiv på den dyre restaurantmarknaden i Tokyo, USA og i Europa, seier Nøttestad som seier ein fort kan få opp til 8000 kroner for ein kilo.

Reduserte kvotar og avgrensa fiskeperiodar har vore med å få kontroll på overfiske av tunfisk på verdsbasis.

Når det no blir opna for fiske igjen i Norge, har Nøttestad god tru på at det er noko som er kome for å bli.

– Så lenge ein greier halde og respektere dei vitskaplege råda som kjem på makrellstørje, så trur eg vi kan ha eit kommersielt fiske i mange år framover, seier han oppglødd.

Tore Hillersøy på Bulandet er så smått optimist. Han understrekar at han ikkje blir grådig skuffa om andre får dette første løyvet til prøvefiske.

– Det er mange med erfaring frå størjefiske som har meldt si interesse. Eg håpar dei som får løyvet får det bra til… Men det hadde vore moro å fått vere med ein gong til, seier han med eit stort smil.