Hopp til innhold

Får EM i vektløfting i 2016

Arrangørane i Sunnfjord kan endeleg sleppe jubelen laus – det blir EM i vektløfting i Førde og Naustdal i 2016. Det er klart etter at det europeiske vektløftarforbundet kom med si avgjerd no i ettermiddag. – Dette er kjempestas og vil vere eit løft for vektløfting både i regionen og på landsplan, jublar Stian Grimseth i arrangørkomiteen. NRK kjem attende med meir.