NRK Meny
Normal

Får ekstrem omveg etter tunnelstenging

Bremangerlandet har mista einaste faste vegforbindelse med omverda etter brannen i Skatestraumtunnelen. Omvegen er formidabel og varaordføraren i kommunen er uroa.

Laster kart, vennligst vent...

OMVEG: Den blå linja viser omvegen folk i Kalvåg må ta for å komme seg til kommunesenteret Svelgen. Den raude linja viser det faste vegsambandet dei har mista etter at Skatestraumtunnelen vart stengt. Den gule linja nedst til venstre viser det gamle ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes, som ein no håpar vil bli sett mellombels i drift.

For folk som bur i Kalvåg yttarst på øya Bremangerlandet, vil det no ta opp mot tre timar å komme seg til kommunesenteret Svelgen. Ein tur som vanlegvis tek ein time.

– Dette set ytre Bremanger i ein vanskeleg situasjon. Eg tenkjer spesielt på næringslivet og dagpendlarane som skal til Svelgen, kanskje vidare til Florø eller Førde, dei får ein veldig lang omveg, seier varaordførar i Bremanger, Nina Grotle.

Tunnelbrann i Skatestraumtunnelen

– Seier seg sjølv at det blir tungvint

For å kome til fastlandet i aust må øybuarane no køyre via to ferjesamband, Måløy-Oldeide og Stårheim-Isane, der dei før hadde fast tunnelforbindelse.

– Det seier seg sjølv at det blir veldig tungvint og tek mykje meir tid enn det har gjort no, seier Grotle.

Beredskapen til kommunen er òg svekka av dei lange omvegane. Varaordføraren fryktar konsekvensane viss folk skulle bli alvorleg sjuke eller det skulle skje ei ulukke. Varaordføraren håpar no det blir sett opp ferje på sambandet Smørhamn-Kjelkenes, eit samband som vart nedlagt då det nye vegsambandet kom på plass i 2013.

– Materiellet og ferjelemmane er der. No må vi ha tett dialog med vegvesenet og fylkeskommunen for å få på plass ferje og mannskap. Eg ser at det kan verte vanskeleg å få i stand alt i morgon, men det bør ordne seg ganske fort, seier Grotle.

I dag føremiddag ramla hengjaren på ein tankbil av i Skatestraum-tunnelen. Hengjaren med 16 000 liter bensin kolliderte i tunnellveggen og eksploderte.

TV-SAK: I dag føremiddag ramla hengjaren på ein tankbil av og tunnelveggen i Skatestraumtunnelen. 16 000 liter bensin tok fyr og eksploderte.

Vurderer å sette inn ny ferje

Først i morgon vil Statens vegvesen komme seg inn tunnelen for å kartlegge skadane. Det vil ta fleire veker, kanskje månader, før den blir opna att. Om somrane nyttar i snitt rundt 700 bilistar seg av Skatestraumtunnelen kvart døgn

– Vi merkar allereie at trafikken har auka på sambandet mellom Stårheim og Isane, seier Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Margot Aase Åsebø

VURDERER FERJE: Margot Aase Åsebø i Statens vegvesen seier dei vurderer å setje inn ferje på det gamle sambandet Smørhamn-Kjelkenes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ho seier dei har sett inn hyppigare avgangar på ferjesambandet for å få unna trafikken.

– Dei har gått kontinuerleg så lenge det har vore kø. Men den siste meldinga er at det ikkje er kø lenger, seier ho.

I samråd med fylkeskommunen vurderer vegvesenet om det er mogleg å sette opp ei ferje mellom Smørhamn og Kjelkenes, slik varaordføraren i Bremanger etterlyser.

– Akkurat det jobbar fylkeskommunen med. Viss fylkeskommunen meiner det bør inn ei ferje der, så gjer vi det, seier Åsebø.

Fylkeskommunen har lagt ut informasjon om båtruter, som kan vere eit alternativ for reisande i området.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.