NRK Meny
Normal

Får ekstrarekning på ein milliard

Nettkundane i Sogn og Fjordane får snart ei ekstrarekning på nesten ein milliard kroner som følgje av utbygging av ny energi.

Kraftline

DYRARE STRAUM: Nettekundar i Sogn og Fjordane får ekstrarekning på ein milliard

Austlendingane får straumen, medan innbyggarane her fylket får rekninga. Årsaka er utbygging av regionalnettet som er naudsynt for at til dømes produsentar av småkraftverk og anna fornybar energi kan få levert straumen frå seg. Det skriv nettstaden Nett.no

For ein vanleg husstand her i fylket kjem auken på minst 2000 kroner i året. Asgeir Aase, som er direktør for nettselskapet til Sogn og Fjordane Energi, meiner dette er høgst urettvist og må endrast.

Asgeir Aase

REAGERER MOT URETTVIS ORDNING: Asgeir Aase, direktør for SFE Nett

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er ei sak som har oppteke meg sterkt, og som eg tykkjer er djupt urettvis. Det handlar om at vi må investere mykje for å legge til rette for ny fornybar energi, og slik ordninga er i dag så ender rekninga der produksjonen skjer.

Må betale for straum dei ikkje treng

Det er politisk vedteke at ein skal satse på fornybar energi, og byggje ut i Sogn og Fjordane. Då er det snakk om straum som ikkje ein gong skal brukast i fylket, men eksporterast til resten av landet som ikkje har nok straum

Tidlegare har industrien ropt varsku om konsekvensane av at dei må betale meir for straum. Går nettleiga opp med 10 øre vil det til dømes koste Elkem i 70 millionar kroner i ekstra utgifter noko som vil vere kroken på døra.

Den gong svarte Olje- og energidepartementet at dei hadde sett ned ei ekspertgruppe for å sjå på problemet, og at dei ville vente med ¨vurdere dagens praksis til dei hadde fått rapporten frå gruppa som kjem no i 2014.

Fleire løysingar

Aase seier det låg føre ei løysing med felles tariff i regionalnettet som kunne vore sett i verk, men at Olje- og energidepartementet sette den til side i februar i fjor.

– Eit anna alternativ kan vere at alle betaler inn til eit fond, så kan ein få betalt tilbake dersom ein produserer og må bygge ut nett av den grunn.

Vegopning på Bergum i Førde kommune