Hopp til innhold

Får ein ny sjanse på landslaget

Stryningen Per Egil Flo får ein ny sjanse på det norske herrelandslaget i fotball.

Per Egil Flo

NY SJANSE: Per Egil Flo får ein ny sjanse blant landslagssjef Per-Mathias Høgmo sine utvalde.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Det er klart etter at landslagssjef Per-Mathias Høgmo tok ut ytterlegare åtte spelarar til troppen mot England og Italia i september.

Per Egil Flo debuterte nyleg i 0-0-kampen mot Emiratane på Stavanger stadion. Han var då spent på om han fekk fornya tillit med flagget på brystet.

– Eg blir iallfall veldig glad dersom eg blir teken ut. Eg får berre sjå kva Per-Mathias Høgmo bestemmer seg for, sa den tidlegare Sogndal-spelaren då.

Når Flo no kan få sjansen igjen, er i privatlandskampen borte mot England 3. september, før EM-kvalifiseringa startar på Ullevaal mot Italia 9. september.

Søndag kveld tok Høgmo ut åtte nye spelarar i troppen: Steffen Hagen, Fredrik Semb Berge, Vegar Eggen Hedenstad, Morten Gamst Pedersen, Jone Samuelsen, Mohamed Elyounoussi, Ola Kamara og nemnde Flo.