Hopp til innhold

Får dispensasjon for to bøyer

Aurland hamnevesen får plassere ut to flytebøyer i Flåm, trass i at desse er i strid med kommuneplanen. Kommunen avslo dispensasjon til den inste bøya, ei avgjerd hamnevesenet klaga på. Den ytste bøya fekk dispensasjon, noko fleire klaga på.

Fylkesmannen har no konkludert med at vilkåra for dispensasjon er til stades for begge bøyene. Det er lagt særskilt vekt på at både fortøying ved kai og oppankring i fjorden vert tryggare av å setje opp dei to bøyene.