Stian Grimseth var på plass i OL-byen Sydney og klar til å konkurrere då det blei klart at han hadde testa positivt på det ulovlege stoffet Nandrolon. Grimseth hevda han ikkje visste at han hadde fått i seg, men blei likevel utestengd frå alle internasjonal konkurransar.
Har ein blitt dømt for doping blir ein automatisk utestengd frå OL, men det kan bli gitt dispensasjon, og Grimseth fekk dispensasjon fordi idrettsstyret meiner han ikkje tok Nandrolon med vilje. Når ein så tek med at det internasjonale vektløftarforbundet reduserte Grimseth si utestenging frå 2 år til 15 månader, seier Grimseth at han kjenner seg så reinvaska som han kan bli i denne saka.