Får bygge nær kyrkja

Riksantikvaren har sagt ja til at Pridla Samdrift i Vik kan bygge samdriftsfjøs om lag 160 meter frå kyrkjegardsmuren ved Hove steinkyrkje, skriv Sogn Avis. Hove steinkyrkje er bygd på 1100-talet, og er den eldste steinkyrkja i fylket. Løyvet frå Riksantikvaren set fleire krav både til utsjånaden på fjøsen og plasseringa.

Hove steinkyrkje
Foto: Ottar Starheim / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune