Får bygge hytter – men må love å ikkje bade

Fylkesmannen i Vestland seier ja til hyttefelt ved naturreservatet. På eitt vilkår – at hytteeigarane ikkje går ned på stranda i badesesongen.

Fimreite Fuglereservat

UTGANGSPUNKTET: Til høgre i biletet ser ein tomtene der det no kan kome til saman 15 hytter. Til venstre ligg holmane og stranda der det store delar av sommaren vil vere ferdselsforbod.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Folk vil bade. Eg er heilt sikker på at når det er 30 grader på sommaren, så vil ein ned til sjø, seier Hans Jørgen Binningsbø, som er ein av dei vel 40 fastbuande i bygda Fimreite.

Han rister på hovudet over soga om hyttefeltet på Fimreite. Soga går slik:

I lang tid har tre grunneigarar ynskt å etablere eit hyttefelt ved Fimreiteholmane. Problemet er at Fimreiteholmane også er eit natur- og fuglereservat.

Det var kommunestyret i Sogndal som først godkjende hytteplanane. Fylkesmannen, som ser til at planane til kommunane ikkje kolliderer med retningslinjene til staten, fremja difor motsegn mot planane.

Om det skulle bli hyttefelt i området, så måtte det ikkje kome i konflikt med den hekkande sjøfuglen, slo Fylkesmannen fast.

Hans Jørgen Binningsbø

POPULÆRT OMRÅDE OM SOMMAREN: Hans Jørgen Binningsbø ved den private strandsona som først var føreslegen nytta av hyttefolket. Dette skapte reaksjonar hjå fleire fastbuande, og eit nytt fellesområde blei føreslege.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Jagar ingen vekk

Sidan har saka gått sin gang i kommunepolitikken, før kommunestyret i slutten av november gav klarsignal for hyttefeltet – på visse vilkår.

Mellom anna eit forbod mot å ferdast på nedsida av vegen ved Fimreiteholmane mellom 1. april og ut juli, som i praksis vil seie eit badeforbod i badesesongen.

No spør fleire av dei fastbuande seg korleis forbodet mot å gå ned i sjøkanten skal handhevast i praksis.

– Me kjem ikkje til å gå og jage på dei. Då må fylkesmannen vere her på varme dagar og sjå etter. Det tvilar me veldig sterkt på at dei vil gjere, seier Binningsbø.

Han ser allereie i dag at folk både campar og badar i strandsona i «forbodstida», og fryktar at problemet no blir enda større – no som hyttene kjem.

Vil følgje med

Til det svarer kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal at han håper folk vil vise omsyn. Og at om nokon skal kontrollere at ingen bryt reglementet, så må det vere Statens naturoppsyn.

– Statens naturoppsyn har oppsyn med regelverket, og det vil vere naturleg at dei kan ta på seg å hindre ferdsel.

I motsegna sitt peika Fylkesmannen på at ønsket om 22 hytter var for høgt. Det endelege vedtaket i kommunen ende på 15.

Yndesdal meiner talet på hytter framleis er for høgt med tanke på det nærliggande kulturlandskapet, som elles er prega av gardstun og spreidd busetnad.

– Me har vore noko kritiske til å plassere så mange hytter i eit sårbart kulturlandskap og område som er sårbart med tanke på fugleliv. Gjennom dialog med kommunen har me kome fram til at det viktigaste for å vareta fugleinteressene er at det ikkje skal vere ferdsel på nedsida av vegen, så har me i større grad akseptert tal hytter.

Fimreiteholmane naturreservat

INFORMASJON: Informasjonstavla ved stranda viser dei besøkjande kvifor ein har valt å verne det nærliggjande området.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Framleis for mange

Tilbake ved Fimreiteholmane er Binningbø klar på at han og dei andre bebuarane ikkje er imot nye hytter i grenda som såleis, men at talet på hytter er problematisk.

– Me er i utgangspunktet ikkje imot at det blir bygd hytter, men talet må bli vesentleg lågare. Ein må òg finne ei løysing på bade- og båtplass som er tilfredsstillande, seier han.