Hopp til innhold

Får bot for å ha mista pukkstein

Traktorsjåføren som onsdag føremiddag miste mykje pukkstein frå hengaren kan vente seg ei bot frå politiet.

Det var under ein køyretur på riksveg 610 mellom Sande og Eldalsosen i Gaular at det hagla pukkstein frå traktorhengaren. 

Politiet meiner det som skjedde var til stor fare for andre trafikkantar. 

Vegvesenet måtte rykke ut å rydde opp etter mannen.