Hopp til innhold

Får besøk frå heile Europa som vil sjå på maskinen

LUSTER (NRK) Vindaugeprodusenten Fjordglas i Luster har det mest moderne produksjonsutstyret i Europa. No kjem folk langvegsfrå for å studere produksjonen.

Øystein Veum og Robert Veum

TRYLLAR GLAS I ALLE FASONGAR: Logistikksjef Øystein Veum og dagleg leiar Robert Veum.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi er dei einaste i Norge som produserer «vindauge», alle andre produserer «vindu». Bruken av nynorsk fortel at vi er ei bedrift som kjem frå ein fjordarm på Vestlandet, seier dagleg leiar Robert Veum.

Den familieeigde verksemda starta vart starta i 1994 og har i dag 17 tilsette.

Der ingen skulle tru

– Vi brukar å seie til folk som kjem på besøk at plassen vi ligg på hadde eigna seg for Oddgeir Bruaset, eller no Arve Uglum og «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.»

Men verksemda har overlevd i meir enn 20 år

– Vi ligg i eit område med liten folkesetnad, og må langt ut frå vårt område for å få selt våre varer. Dermed har vi ein del utfordringar, men og fordeler, seier Veum.

Øystein Veum

NY MASKIN: Logistikksjef Øystein Veum med maskina som folk kjem langvegsfrå for å sjå.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Satsar tungt

No har dei fått installert ei avansert og dyr maskin, den mest moderne i Europa. Den inneheld blant anna 100 knivar, som blir bytta automatisk, og kan trylle fram mange ulike former, og no får dei besøk frå heile Europa av folk som vil sjå på produksjonen. Seinast i førre veke kom det ein delegasjon frå Sverige.

– Vindauga som vi produserer i dag, skal til dømes til Frogner på beste vestkanten i Oslo og elles har vi varer som skal til Bergen, Valdres og Hallingdal. Vi leverer over eit ganske stort område.

– Så det betyr ikkje så mykje at de ligg lengst inne i ein Vestlandsfjord?

Nei, eigentleg ikkje. No har vi fått oss eit bra system for transport. Det er jo slik at varer gjerne skal transporterast 30 mil inn, og 30 mil ut igjen, og der er det ein kostnad som vi må dele litt med kundane våre, seier Robert Veum.

Fjordglas

KLARE TIL LEVERING: Fjordglas er dei einaste i landet som produserer «vindauge», alle andre lagar «vindu».

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen