NRK Meny
Normal

Får berre seie meininga si om eitt alternativ

SKEI (NRK): Fleirtalet i Jølster kommunestyre utestengjer fleire alternativ til kommunesamanslåing frå folkerøystinga.

Judith Kapstad og Anders Kristian Sægrov

VILLE HA FLEIRE ALTERNATIV: Judith Kapstad (V) skulle ønske at alternativa var fleire under ei folkerøysting. T.v.: Varaordførar Jakob André Sandal (SV).

Foto: Bård Siem / NRK

Temperaturen var høg og frontane steile i Jølster kommunestyre tysdag kveld, då det vart vedteke korleis folkerøystinga om kommunesamanslåing skal gjennomførast.

Senterpartiet, SV og Arbeidarpartiet sikra fleirtal for at innbyggjarane skal seie si meining om ei samanslåing av Jølster, Førde, Naustdal og Gaular og ikkje noko anna alternativ.

Leverte 300 underskrifter

Måndag skreiv NRK om jølstringen Rakel Apneseth som meiner Jølster-ordføraren kneblar jafolket i folkerøysting om kommunesamanslåing. Ho søkte støtte frå sambygdingane sine og oppretta ei hending på Facebook.

I dag gav ho kommunestyret 300 «underskrifter» frå Facebook som protesterer på formannskapet si innstilling.

Underskrifter for kommunesamanslåing

UNDERSKRIFTER: På Facebook har 300 jølstringar sagt si meining.

Foto: Privat

– Slik avrøystinga er bygd opp er det eit bombastisk ja til alle fire kommunane samtidig, eller ingenting. Viss ein til dømes berre vil slå seg saman med Førde, får ein ikkje sagt si meining. Vi blir ikkje høyrde, så Apneseth til NRK måndag.

Men det vart fleirtal for at innbyggjarane i kommunen skal svare ja eller nei på om dei vil slå seg saman med Førde, Naustdal og Gaular.

Skapar uvisse

Høgre, Venstre og KrF ønska at dette skulle vere valfritt. Dei ville slå seg saman med ein eller fleire kommunar, men det fekk dei ikkje fleirtal for.

– Eg hadde håpa at vi ville nå fram med våre argument. Vi meiner det vil vere viktig å ha rom for alle ja-alternativa, og at det ikkje skulle vere mogleg å skape tvil dersom ein av dei andre kommunane rundt Førde seier nei, seier Judith Kapstad (V).

Folkerøystinga skal skje 4. april, dersom Jølster seier ja, og til dømes Gaular eller Naustdal seier nei, så er det usikkert kva ein gjer i Jølster.

I vedtaket gjort tysdag kveld kom det også med eit tilleggspunkt.

  • Dersom det er fleirtal for samanslåing i Jølster, skal prosessen halde fram sjølv om ein eller fleire av dei andre kommunane skulle seie nei.

(Artikkelen held fram under)

Anders Kristian Sægrov

Anders Kristian Sægrov (H) var svært provosert over Senterpartiet under kommunestyremøtet på Skei tysdag.

Foto: Bård Siem / NRK

Kan bli to folkerøystingar

Anders Kristian Sægrov (H) har respekt for Senterpartiet er i mot kommunereform, og at noko må ta den rolla. Men tykkjer det er feil at det er Senterpartiet som skal leggje premissane for kva folket skal få lov til å meine.

– Eg forstår ikkje kvifor ein er villig til å starte ein heilt ny prosess dersom ein anna kommune skulle trekke seg, seier Sægrov.

– Så det kan bli ei ny folkerøysting i Jølster?

– Det er det Senterpartiet tek til orde for, seier han.

Avviser skjult agenda

Ordførar Oddmund Klakegg avviser at han har nokon skjult agenda og at dei berre har gjort det som departementet har råde dei til, nemleg inngått ein intensjonsavtale med tre andre kommunar.

Oddmund Klakegg

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) vart skulda for å ha ein skjult agenda under kommunestyremøtet, noko Klakegg sjølv avviste på det sterkaste.

Foto: Bård Siem / NRK

– Senterpartiet har stått fjellstøtt i denne saka, og vore opptekne av å spørje jølstringane. Vi vil ta inn over oss det folket meiner. Det som er poenget er at kommunestyret, med Høgre og Venstre, var med på å vedteke ein intensjonsavtale i vår, og det er den som ligg til grunn for den folkerøystinga vi no går til, seier Klakegg.

– Dersom det blir ja i Jølster og til dømes Naustdal og Gaular seier nei, kva skjer då, Klakegg?

– Då har vi ikkje noko avtale med Førde, men sjølvsagt skal vi forhandle fram ein ny avtale mot Førde.

– Blir det då ei ny folkerøysting der folket får seie kva dei meiner om den nye forhandla fram avtalen?

– Oppnår Jølster ein avtale som er god og som er minst på høgde med dagens intensjonsavtale med Førde, så har vi eit godt vedtak i Jølster etter ei folkerøysting. Ei folkerøysting er rådgjevande. Tradisjonen for å følgje opp ei rådgjevande folkerøysting i vårt parti er stor, seier Klakegg.

Jølster kommunestyre

F.v. Anders Kristian Sægrov (H) og representantar frå Senterpartiet var i harde diskusjonar under kommunestyremøtet tysdag kveld.

Foto: Bård Siem / NRK
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote