Hopp til innhold

Får behalde skuleruta si ut året

Elevane i Hyen slepp éin time ekstra i buss til skulen – i alle fall ut skuleåret.

Skuleborn på bussen

LANG VEG: Elevane får behalde den opphavleg skuleruta ut dette skuleåret.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Her har vi først og fremst svikta i informasjonen ut til kommunen og brukarane. Det tek vi sjølvkritikk på. Ut ifrå den klagen som har kome inn så har vi vurdert det slik at vi vil køyre skuleskyssen ut året, seier Arnstein Menes, leiar i samferdsleutvalet.

Skuleruta mellom Solheim og Hyen vil gå som den går i dag ut skuleåret. Den skulle eigentleg endrast frå 1. mai, noko som ville gitt borna ved Hyen skule ein time kvar veg til og frå skulen.

Foreldreutvalet har klaga på endringsvedtaket, og dette skal opp i samferdsleutvalet 12. mai.

Vil kome liknande saker

Menes seier dei vil diskutere denne saka i samferdsleutvalet med tanke på andre skuleruter også.

– Med nedskjeringar i fylkeskommunen forventar vi at det kan dukke opp liknande saker. Det er ikkje noko spesielle krav i lova slik det er no, men det ligg nokre anbefalingar om maks 45 minutt for dei minste elevane, og vi må diskutere korleis vi skal forholde oss til det, seier han.

Menes seier det nok vert tøffe diskusjonar i fylkeskommunen om samferdsle den komande månaden, men kostnadane ved å behalde skuleruta i Hyen ut året vil dei ta.

– Vi føler det har vore uklar informasjon ut, og den belastninga må vi berre ta.

– Fylkespolitikarane bør teste ruta

Sp-politikar i Gloppen, Leidulv Gloppestad, er nøgd med utfallet. Han tok i går til orde for at effektueringa av vedtaket burde utsetjast medan klagen vert handsama.

– Då har dei god tid til å gjere ei grundig vurdering av det vedtaket dei har gjort. Ein passerer grensa på 45 minutt ganske raskt med ei slik endring, og då bør dei bruke tid på å tenkje seg om, seier Gloppestad.

Han meiner dei burde sett konsekvensane av tidlegare då reaksjonane kom.

– Eg er glad dei no får tid til ei grundig vurdering. Eg oppmodar dei til kome til Hyen å testa skuleruta sjølv, seier han.

Skulebuss

SKULERUTE: Leidulf Gloppestad inviterer fylkespolitikarane til å teste skuleruta i Hyen når dei skal gjere nye vurderingar.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK