Får behalde skulen

Ungane på Bryggja får likevel gå på skule i bygda til hausten. Bryggja Skule AS fekk i dag grønt lys av Undervisningsdirektoratet til å drive ein kristen privatskule. I ei pressemelding skriv Bryggja Skule AS at dei tek sikte på å starte opp skulen i august i år. Vågsøy kommune vedtok å legga ned skulen i 2016.

Bryggja skule
Foto: Vågsøy kommune