NRK Meny
Normal

Krf og Venstre stoppar flytting av skatteinnkrevjing

Kommunane skal ikkje miste skatteinnkrevjingsfunksjonen, og ingen skattekontor blir likevel lagt ned. KrF og Venstre seier nei.

Skattekontor

STOPPA FØR STORTINGET: Forslaget om å overføre skatteinnkrevjingsfunksjonen frå kommunane til Staten er lagt dødt før det når Stortinget.

Foto: Espen Sandmo, NRK

Dei to partia, KrF og Venstre, stoppar forslaget før det er komme til Stortinget. For med deira nei til forslaget, er det fleirtal for å røyste mot forslaget.

Måndag denne veka la skattedirektør Hans Christian Holte som overleverte rapporten til finansminister Siv Jensen (Frp). Skattedirektoratet ønskte å redusere skatteoppkrevjarkontora i Norge frå 288 til 27. Med det ville 526 årsverk ryke.

Når ikkje Stortinget

Men allereie før forslaget er lagt fram for Stortinget er det klart at det ikkje blir noko av. For KRF er dette ei viktig sak, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik.

(Saka held fram under bilete)

Trude Brosvik

KRF OG VENSTRE SEIER NEI: Trude Brosvik meiner det er bra at forslaget vart stoppa raskt.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– For KRF er det først og fremst den sosiale biten i dette. Dessutan er det ei lokal teneste som saman med anna innkrevjingsteneste utgjer ein heilskap.

På lista over kontora der skatteoppkrevjarfunksjonen kunne bli kutta, stod Flora, Solund, Høyanger, Lærdal/Årdal, Fjaler, Vågsøy, Eid/Gloppen og Stryn.

– KRF har vi heile tida meint at skatteinnkrevjinga fungerer godt slik den er i dag. Ho varetar både samfunnet sitt behov for å ta inn pengane, samstundes som ho tar vare på dei som blir kravd inn frå, men som kanskje har eit litt krevjande liv, seier Brosvik.

– Tåpeleg timing

Hovudårsaka til at regjeringa ønskte å overføre skatteinnkrevingsansvaret til Skatteetaten var for å få ein betre og meir fullstendig skatte- og avgiftspolitikk.

Samstundes peika kritikarane på at forslaget var underleg, sett i lys av prosessen med kommunereforma som ser på oppgåvene til kommunane. Det støttar Brosvik.

– Det ville vere tåpeleg å gjere skatteinnkrevjingsfunksjonen statleg, samtidig som ein ser på strukturar og kva oppgåver som skal overførast frå Staten til kommunane.

Så du kjenner deg trygg på at det ikkje blir noko av dette forslaget?

– Ja eg trygg på at KRF har sett foten ned og Venstre og. Eg tenkjer at det er greitt og viktig å gjere dette tidleg slik at ikkje mange går rundt og lurer på arbeidsplassane sine.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser