Hopp til innhold

Får behalde regionkontoret i Måløy

Nærings- og fiskeridepartementet kuttar talet regionar i Fiskeridirektoratet frå sju til fem. Men regionkontoret i Måløy får halde fram som i dag.

Foto: Ole Andre Rekkedal,NRK

STOD I FARE: Omorganisering i Fiskeridirektoratet gjorde at Måløy stod i fare for å miste fleire statlege arbeidsplassar. I dag kom gladnyhenda. Ordførar Morten Hagen (H) er glad kontoret får bestå.

Det var i februar at fiskeridirektør Liv Holmefjord føreslo at direktoratet i framtida skal ha tre regionar og at regionkontoret i Måløy skal flyttast til Bergen. Sidan då har framtida til dei tjueseks arbeidsplassane i Måløy vore i det blå.

I dag tidleg kom gladmeldinga, Måløy får behalde regionkontoret og arbeidsplassane.

Feira med kake med skrifta "Dette fiksa vi sammen!"

FEIRA MED KAKE: Nyhenda kom brått på dei tilsette, som vart møtt med kakefeiring då dei kom på arbeid i dag tidleg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vi har gått og lurt på kor mange som får bli av oss så jobbar her, så det er klart at dette har prega oss. No er det berre glede, seier Kari Silden Tytingvåg som er førsteinspektør ved regionkontoret.

Veldig nøgd med avgjerda

Vidar Ulriksen

LETTA: Regiondirektør Vidar Ulriksen er glad for avgjerda som er teken.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Også for regiondirektør Vidar Ulriksen er dette ein stor dag.

– Vi er veldig nøgde med avgjerda som er teken.

– Fiskeridirektoratet hadde ei anna tilråding. Korleis blir det å leve med at politikarane har valt annleis?

– Det skal gå veldig greitt. Alle er under press for å gjere mest mogleg effektiv jobb, og den utfordringa må vi arbeide med uavhengig av korleis vi blir organisert, seier han.

Vart lytta til av regjeringa

Morten Hagen

GLAD: Ordførar Morten Hagen (H) seier det har vore mykje spenning og uvisse.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Morten Hagen (H), ordførar i Vågsøy, seier dei har jobba hardt for å få regjeringa til å forstå kor viktig kontoret er.

– Det har vore mykje spaning og uvisse blant dei tilsette. Dette er ein viktig arbeidsplass i regionen. Når dette endeleg er på plass, er det klart at det er ei lette.

Frank Willy Djuvik (Frp) er glad for at regjeringa har høyrt på innspela som kom etter at fiskeridirektøren la fram forslaget om å legge ned i Måløy.

Frank Willy Djuvik

VIKTIG SAK: Frank Willy Djuvik (Frp), er glad for at regjeringa har høyrt på protestane om å leggje ned regionkontoret i Måløy.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er kjempeviktig, både for dei lokale arbeidsplassane i Måløy, men òg for kysten og nærleiken til kundane Fiskeridirektoratet skal handtere, seier gruppeleiar Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Framstegsparti.

Den nye strukturen vart avgjort med støtte frå dei to samarbeidspartia til regjeringa, KrF og Venstre.

Den nye regionstrukturen blir dermed sjåande ut slik:

  • Region Nord: regionane Finnmark og Troms blir slått saman, regionkontoret blir liggjande i Tromsø.
  • Region Nordland: uendra med regionkontor i Bodø.
  • Region Midt: regionane Trøndelag og Møre og Romsdal blir slått saman, regionkontoret blir liggjande i Ålesund.
  • Region Vest: uendra med regionkontor i Måløy.
  • Region Sør: uendra med regionkontor i Egersund.

– Færre regionar vil gje større fagleg bredde og sikre betre likebehandling, samtidig har det vore viktig å ta distriktspolitiske omsyn, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) i ei pressemelding.

Framleis desentralisert

Det er fiskeridirektøren som skal avgjere når den nye strukturen skal setjast i verk.

Fiskeriminister Aspaker seier Fiskeridirektoratet med dette vil halde fram å vere ein desentralisert organisasjon, med kontor utanfor dei store befolkningssentera.

– Samstundes er det nødvendig å tilpasse organisasjonen til oppgåvene. Tilsyns- og kontrollarbeidet har over tid utvikla seg slik at behovet for spesialisering og brede kompetansemiljø har auka, seier ho.

Nærings- og fiskeridepartementet kuttar talet regionar i Fiskeridirektoratet frå sju til fem. Men regionkontoret i Måløy får halde fram som i dag.

SJÅ TV-SAKA: Fiskeridirektoratet sitt regionkontoret i Måløy får halde fram som i dag. Det måtte sjølvsagt feirast.