Hopp til innhold

Får behalde ortopedien

Lærdal Sjukehus får behalde ortopediklinikken.

Lærdal sjukehus
Foto: NRK

Det er etter det Bergens Tidende kjenner til konklusjonane frå faggruppa som har arbeidd med ein plan for ortopeditenestene i Helse Førde.

Helse Førde har tidlegare vedteke å kutte i drifta men sterkt press frå helsedepartementet gjorde at dei snudde rett før jul.

Overlege Truls Jellestad seier til avisa at han tolkar faggruppa sitt arbeid slik at drifta blir ført vidare.