Får behalde linje i Florø
Opplæringsutvalet har bestemt seg for å lyse ut studieplassar på klima, energi og miljøteknikk-linja både i Florø og i Sogndal. Det er klart etter dagens møte i utvalet. – Men kva studieplassar ein endar opp med, veit ein ikkje før ein ser elevane si interesse for å søkje, seier leiar i opplæringsutvalet, Karianne Torvanger. Det vart også bestemt at ein ikkje vil lyse ut læreplassar i IKT-faget i Måløy.