Får behalde kontoret i sommarhalvåret

Redningsselskapet har bestemt seg for å behalde kontoret i Florø, men står fast på flyttinga av det eine årsverket som er der i dag.

Redningsskøyta Halfdan Grieg på tokt

LOVAR LIKE GOD BEREDSKAP: Redningsselskapet lovar at Sogn og Fjordane skal få like god beredskap som i som i dag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det kom fram på eit møte der fylkesordførar Jenny Følling og fleire av kystordførarane deltok onsdag. Då det vart kjent at Redningsselskapet ville flytte årsverket som i dag er i Florø til Bergen var det mange som frykta for beredskapen i Sogn og Fjordane.

– På møte i dag så fekk vi forklart litt meir om kva vi gjer, og at vi framleis skal ha ein svært god beredskap i Sogn og Fjordane, seier kommunikasjonssjef Frode Pedersen i Redningsselskapet.

Jenny Følling

FOKUS PÅ FØREBYGGING: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er beklageleg at Redningsselskapet står fast på å kutte årsverket i Florø, men samstundes så blir ein del andre viktige beredskapsoppgåver tekne i vare, så totalt sett trur eg vi har oppnådd å få sett fokus på beredskap og førebygging, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Sommarkontor

Sølv om Redningsselskapet altså står fast på å flytte det eine årsverket som i dag er ved kontoret i Florø til Bergen, lovar dei samstundes å ha sommarkontor både i Måløy og Florø.

Ola Teigen

FÅR SOMMARKONTOR: Ola Teigen (Ap) er ordførar i Flora.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eg er rimeleg nøgd med det vi fekk ut av turen til Oslo i dag. Vi får sommarkontor med to tilsette i Flora, og forsikringar om at ein i sommarhalvåret skal drive opplæring og førebyggande arbeid som i dag, seier floraordførar Ola Teigen (Ap).

– Men redningselskapet står fast på flytting av det eine årsverket som er ved kontoret i dag, og kontoret blir ståande ubemanna i vinterhalvåret?

– Ja, og det er vi ikkje like nøgde med. No ser det ut til at dei skal halde oppe beredskapen og det førebyggande arbeidet i sommarhalvåret. Dei var ikkje like tydlege på korleis dei vil halde oppe beredskapen om vinteren, men gav uttrykk for at dei hadde ambisjonar, så det er noko vi vil følge opp vidare.

Ny plan på trappene

I Redningsselskapet sit dei akkurat no å jobbar med ein ny plan for korleis dei skal drive

Frode Pedersen

NY PLAN FOR OPPLÆRING: Frode Pedersen er kommunikasjonssjef i Redningsselskapet.

Foto: Ellen Omland / NRK

opplæringsarbeid også på vinterstid.

– Så vi skal vere til stades i Sogn og Fjordane også om vinteren. Det skal vi klare enten vi held til i Bergen eller om det blir gjort frå andre stader i landet. Folk i Sogn og Fjordane skal få like god sjøvettopplæring som i dag, lovar Pedersen.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.