Hopp til innhold

Får avslag på byggesøknad

Frode Asheim og Bente Hauge har søkt om å få bygge nytt hus på garden 35 meter frå fjorden i Gulen kommune. Kommunen seier ja, men fylkesmannen nei, fordi lovverket er klart på at bygging må skje 100 meter frå strandsona. I tillegg er huset planlagd på dyrka mark.

Får ikkje bygge

SKUFFA OVER AVSLAG: Her vil Frode Asheim og Bente Hauge bygge nytt hus, men det får dei ikkje lov til.

– Planen er å sprenge vekk denne haugen og planere ut ei tomt, seier Frode Asheim og peikar ut over område der han ynskjer å bygge nytt hus.

For familien med fem ungar er det å bygge sitt eige hus på gardsbruket i Gulen den store draumen. Og på draumetomta er det både gode solforhold og kort avstand til naustet. Men fylkesmannen seier nei til byggeplanane fordi lovverket er klart på at bygging må skje 100 meter frå strandsona.

– Vi har presisert at vi ikkje vil privatisere strandsona, men dei hevar at berre ved å bygge her så vil vi gjere det. Men på dei fem åra vi har budd her så har vi ikkje sett eit menneske i strandsona her, seier Bente Hauge.

Klare krav

Fylkesmiljøvernsjef, Nils Erling Yndesdal, har sagt klart nei, og seier det er fleire grunnar til at han gjort det.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal

SEIER NEI: Nils Erling Yndesdal er fylkesmiljøvernsjef i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Det eine var at jordbruksarealet kom til å bli stykka opp, det andre er at huset er planlagt svært nære sjøen og i strid med strandsonevernet, seier Yndesdal.

– Men no seier familien at det ikkje er nokon som brukar stranda, og at det ikkje har vore folk der på fleire år?

– Det er klart at det vil alltid vere ulike meiningar om korleis strandsona skal vere tilgjengeleg. Dette handlar ikkje berre om å gjere strandsona tilgjengeleg for ålmenta, men også om landskapsverdiar, og at ein har tilgang også i framtida, seier Yndesdal.

Fylkesmannen meiner bygging kan skje på oppsida av vegen, rundt 100 meter frå sjøen. Det meiner familien blir for dyrt.

Fryktar fråflytting

Gulen kommune har sagt ja til at familien får bygge. Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal frå Senterpartiet, seier kommunen har sagt ja til bygging i fleire saker der fylkesmannen har sagt nei.

Hallvard Oppedal

SEIER JA: Hallvard Oppedal (Sp) er ordførar i Gulen.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Vi har jobba for å få busetnad til kommunen, og meiner at dei som har gardsbruk må få lov til å bygge på gardsbruket sitt.

Oppedal fryktar at unge flyttar frå bygda om fylkesmannen ikkje utviser skjønn.

– Vi er avhengige av få busetnad og generasjonsskifte på gardsbruka. Då må dei få lov å bygge, elles så kjem ikkje dei unge heim. Så enkelt er det, seier Oppedal.

Skuffa over avslaget

Tilbake på Takle er Frode Asheim og Bente Hauge skuffa over at regelverket vert handtert så firkanta.

– Vi vart både overraska og skuffa då vi fekk det første avslaget, seier Asheim.

– Men hovudargumentet for å seie nei er at de ynskjer å bygge for tett på strandlina, forstår de det argumentet?

– Vi og er samde i at det er viktig å ta vare på urørt natur, men vi tenker samstundes at med visse tilpassingar så er det ikkje alle inngrep som er så store at dei vil bety noko, seier Hauge.