Far åtvarar mot fødestove i Eid

Babyen ville ikkje ut og det vart brått dramatisk. Men gynekologen kom raskt på plass og fekk til slutt guten ut ved hjelp av sugekopp.

Kjell Einar Skrede

DRAMATISK FØDSEL: Kjell Einar Skrede trur det hadde gått skikkeleg gale utan gynekolog då sonen vart fødd.

Foto: Pressefoto

Pappa Kjell Einar Skrede opplevde fødselen dramatisk og støttar Nordfjorrådet som ikkje vil ha fødestove utan gynelolog. Det er tøft å snakke om det som skjedde, seier han.

– Eg torer nesten ikkje tenkje på det, for det er nesten som tårene pressar på. Kva om sonen min ikkje hadde overlevd, spør han.

– Kunne gått skikkeleg gale

Skrede hugsar det som om det skulle vore i går. Jordmora ved Nordfjord sjukehus fekk plutseleg eit alvorleg drag i andletet og vart svært stressa. Gynekolog kom til i hui og hast, og etter nokre dramatiske minutt gjekk det heldigvis bra.

Den 7. mars i 2009 vart guten fødd, og mamma og pappa kunne pusta letta ut. Utan gynekologen på plass kunne det imidletid gått skikkeleg gale, trur Skrede.

– For oss gjekk det bra, men det var ikkje noko sjølvsagt at det skulle gå bra.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Vil ikkje ha fødestove

SJÅ TV-SAKA: Vil ikkje ha fødestove på Nordfjordeid.

Trur det gir falsk tryggleik

Nordfjord sjukehus

KAN BLI FØDESTOVE: Nordfjord sjukehus kan få jordmorstyrt fødestove

Foto: Ottar Starheim / NRK

Han har med interesse fulgt debatten om at fødeavdelinga på Eid kan bli erstatta med fødestove utan gynekolog, og støttar Nordfjordrådet sitt klare nei til fødestove.

– Eg er 100 prosent på linje med ordførar Sonja Edvardsen i Eid som seier at vi vil ha fødeavdeling med gynekolog og ikkje fødestove. Det er vaksent av politikarane å seie at det anten må bli fødeavdeling eller ingenting. Eg trur at ei fødestove vil gi falsk tryggleik.

– Trygt for ukompliserte fødslar

Men Helsetilsynet er av ei heilt anna oppfatning. I ein rapport frå 2008 skriv dei mellom anna:

"Vi mener at mange av de små fødeavdelingene som ikke er omgjort til fødestuer, slik stortingsvedtaket fra 2001 forutsette, har store utfordringer knyttet til å tilby de risokogravide en forsvarlig fødselshjelp. Etter vår vurdering er det ikke tilsynsmessig grunnlag for å endre våre anbefalinger om å omgjøre de fleste av landets små fødeavdelinger til fødestuer."

Direktør i Helsetilsynet, Lars E. Hanssen, sa følgjande i sist veke om kva han meiner om det faglege nivået ved fødestovene.

– Fødestovene er vi trygge på er eit godt tilbod til ukompliserte fødslar. Dei skal ikkje ha risikofødslar i det heile teke.

Ingen ville kommentere

Men då vi i dag ville spørje om Hanssen kunne utdjupe kvifor fødestover utan gynoklog er fagleg forsvarleg, villle han ikkje la seg intervjue. Heller ingen i Helsedirektoratet, som også meiner at fødestover er forsvarlege, vil la seg intervjue om dette.

Forstår ikkje skepsisen

Liss Gundersen som er jordmor i Alta, forstår ikkje den sterke skepsisen mot fødestove på Nordfjordeid.

– Kontra å ikkje ha eit tilbod i det heile teke, så burde det satsast på ei fødestove. Erfaringa viser at det fungerer.

– Rett å seie nei

Sonja Edvardsen

FØDEAVDELINGE ELLER INGENTING: Ordførar Sonja Edvardsen vil ha ei fullverdig fødeavdeling.

Foto: Trond Vestre / NRK

Leiar i Nordfjordrådet, Gunn Helgesen, er trygg på at det er rett å seie nei til fødestove på Nordfjordeid.

– Vi er opptekne av heilskapen, at alle skal ha best mogleg tilbod og at det skal vere i ei fullverdig fødeavdeling. Når det gjeld ei jordmorstyrt fødestove, så er det kanskje for 30 prosent av dei fødande i Nordfjord. Dei som til dømes ønskjer smertelindring, kan ikkje nytte seg av ei fødestove.

Trur det kan gå gale

Kjell Einar Skrede fryktar det vil gå skikkeleg gale om det blir oppretta fødestove i heimbygda.

– Det er stygt å seie det, men eg trur at ungar kjem til å døy som følgje av fødestover blir pressa på folk ute i distrikta.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.