NRK Meny
Normal

Får ansvaret for utdeling av partistøtte

Frå årsskifte er det fylkesmannen i Sogn og Fjordane som får ansvaret for all sakshandsaming og utdeling av partistøtte i landet. Fram til no er det den einskilde fylkesmann som har hatt dette ansvaret.

Anne Karin Hamre

ANERKJENNING: Fylkesmann Anne Karin Hamre, meiner dei kan ta på seg fleire nasjonale oppgåver.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har eit svært godt og kompetent fagmiljø, difor har vi bestemt oss for å flytte ansvaret for handsaming og utbetaling av partistøtte dit, seier kommunalminister Jan Tore Sanner.

Fram til no har dette ansvaret lege til kvart einskild fylkesmannsembete. No forenklar regjeringa dette arbeidet, og legg ansvaret til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Jan Tore Sanner (H)

FJERNAR TIDSTJUVAR: Kommunalminister Jan Tor Sanner.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Då fjernar vi tidstjuvar og forenklar saksgangen, samstundes som vi bygger opp om det sterke fagmiljøet i Sogn og Fjordane.

– Kva betyr dette i form arbeidsplassar hjå fylkesmannen?

– Det har avgrensa betydning for tal tilsette, men det blir flytta noko ekstra ressursar til Sogn og Fjordane. Først og fremst handlar dette om å bruke det sterke fagmiljøet i Sogn og Fjordane, og slik sørge for at partilaga rund om i landet får god hjelp, seier Sanner.

Anerkjenning

Eg er glad for at vi no får dette ansvaret, og ser det som ei anerkjenning av dei fagpersonane hjå oss som har jobbe med å legge til rette løysingar for utbetaling av støtte til politiske parti, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har til no hatt ansvaret for den elektroniske løsyinga, frå årsskifte får dei ansvaret for heile ordninga.

– Det meiner eg er ein fornuftig ressursbruk. Det er mange oppgåver som fylkesmannen gjer, som er avhengig av at ein er tett på kommunane, men dette er ei oppgåve der ein ikkje er avhengig av lokalkunnskap, seier Hamre.

Fleire oppgåver

Hamre ser for seg at fleire oppgåver der fylkesmannen i Sogn og Fjordane kan få eit nasjonalt ansvar.

– Til dømes har vi fri rettshjelp og fritt rettsråd, der vi har utvikla der vi har utvikla ei elektronisk løsying for advokatar som arbeider med dette feltet. Det er også ei oppgåve som ikkje avhengig av lokalkunnskap, og eit mykje større område enn partistøtte, seier Hamre.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser