Får ansvar for Hove steinkyrkje

Regjeringa føreslår i revidert nasjonalbudsjett å overdra Hove steinkyrkje i Vik vederlagsfritt frå Riksantikvaren til Fortidsminneforeininga. I 1901 gav sorenskrivar Blix kyrkja til staten som gåve. Kyrkja vart bygt kring 1170 og Fortidsminneforeininga har hatt ansvaret for kyrkja dei siste 40 åra. Overføringa til Fortidsminneforeininga er tenkt gjort i samband med at foreininga har 175 år jubileum i år.

Hove steinkyrkje
Foto: Noralv Pedersen / NRK