Hopp til innhold

Får 775 millionar til rassikring

Sogn og Fjordane og Hordaland får 775 millionar kroner til rassikring dei neste fire åra. Når ein serverer slike nyheiter på valkampturné vankar det varme klemmar frå innbyggjarane.

I dag kunne Senterpartil-eiar Liv Signe Navarsete fortelje at Hordaland og Sogn og Fjordane får 775 millionar kroner til rassikring. Det gjorde ho på ein av dei mest rasutsette vegane i Sogn og Fjordane.

RASSIKRING: Liv Signe Navarsete var måndag i Veitastrond i Luster. Der fortalde ho glade innbyggjarar at det blir nok pengar til å fullfinansiere rassikring av vegen til bygda.

– Dette har vi venta på i mange, mange år, jublar Asbjørn Nes som er leiar i rassikringsnemnda i Veitastrond.

Vegen inn til den vesle bygda i Luster i Sogn er ein av mange rasfarlege vegar på Vestlandet. Rassikring er ikkje noko ein får gjort med småpengar, og nyheita som Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete kom med fekk fram smila i Veitastrond.

Dei to fylka får nemleg 775 millionar kroner til rassikring dei neste fire åra. 475 millionar til Sogn og Fjordane og 300 millionar til Hordaland.

– Innanfor den ramma vil det vere rom for mange viktige rasprosjekt i desse to fylka, seier Navarsete.

Asbjørn Nes reagerte spontant då han fekk stadfesta at det betyr at dei to rassikringsprosjekta på vegen til Veitastrond er fullfinansierte.

– Bra, gliste han frå øyre til øyre og gav ministeren ein varm klem.

– Viktig for folk sin tryggleik

Og det er kanskje ikkje så rart at innbyggjarar i rasbygder gler seg over slike nyheiter. Både i Sogn og Fjordane og Hordaland gjeld det same. Det går stadig ras langs vegane. Både snø og stein stengjer kvart år vegar i både dagar og veker.

Berre på E16 mellom Voss og Bergen har det gått 200 ras dei siste ti åra. Ein geolog har lenge halde meininga si for seg sjølv, men i april sa ho at ho meinte det var livsfarleg å køyre på strekninga.

Nokre gonger får rasa også fatale utfall når bilar eller menneske blir trefte. Seinast i april omkom ei 15 år gamal jente då bilen ho sat i vart knust av ei stor steinblokk på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo.

Navarsete, som sjølv har vore samferdsleminister, legg ikkje skjul på at rassikring er eit viktig tema.

– Rassikring har vore viktig i heile vår regjeringstid, og vi har auka ramma frå 210 millionar kroner på landsplan til 1,6 milliardar i vår nye nasjonal transportplan, seier Navarsete.

– Dette er viktig for folk sin tryggleik, og det er viktig at fylkeskommunen veit kva dei skal planleggje ut frå når dei legg budsjetta for 2014.

– No veit dei at dei kan sikre mange vegar for ras, seier partileiaren.

Avviser at det er valkampstunt

I førre fireårsperiode fekk Sogn og Fjordane 300 millionar kroner til rassikring, i neste periode blir potten altså større, 475 millionar kroner.

Nyheita om rasmidlane kjem same dag som ei meiningsmåling viser at Senterpartiet ligg langt under oppslutnaden frå valet i 2009. 14,3 prosent av røystene i heimfylket er ikkje godt nok Navarsete.

– Kvifor kjem du med desse tala i dag?

– Desse tala er ei naturleg oppfølging av nasjonal transportplan som vart vedteken i Stortinget i vår. Statens vegvesen har gjort fordelinga og dei er klare no.

Kvifor det ikkje er samferdsleminister Marit Arnstad som er ute med den gode nyheita har også ei forklaring ifølgje Navarsete.

– Marit Arnstad sit i regjeringskonferanse, medan eg har fått fritak for det. Då er det naturleg at eg som hennar partikollega, og som leiar i kommunal- og regionaldepartementet har denne saka, seier Navarsete.